Informasjon om koronaviruset

Kulturskulen

Distanseundervisning

DISTANSEUNDERVISNING FRÅ VEKE 12

Vi håpar alle har det bra i denne spesielle situasjonen vi er oppe i no. Kvardagen vart brått veldig annleis og vi må lage oss nye rutinar for dagane framover.

Lærarane i kulturskolen er no i gang med å finne gode løysningar for alternativ undervisning i tida framover. Vi startar opp med distanseundervisning i neste veke og vil kommunisere ved hjelp av vårt fagsystem SpeedAdmin og/eller e-post.

Alle våre elevar har fått informasjon fra oss i dag. Lærarane vil ta kontakt igjen når dei har alt på plass og er klar for å starte undervisninga frå neste veke.