Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Kva er velferdsteknologi

Målet med velferdsteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag både for brukarar, pårørande og omsorgspersonell.

Velferdsteknologi (lenke til Direktoratet for e-helse) - er ein fellesnemning på tekniske installasjoner og løysingar som kan betre kvar og ei si  evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og vere med på å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren.

Effektiv bruk av ressursar

Velferdsteknologi kan gi betre tenester for heimebuande eldre, pasientar i bukollektiv, innan rus og psykisk helse og personar med nedsatt funksjonsevne. Erfaringar viser og at velferdsteknologi kan gi meir effektiv bruk av ressursar i helse- og omsorgstenestene i kommunane

Nasjonalt velferdsteknologiprogram er eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet som skal bidra til at fleire kommunar tek i bruk velferdsteknologi.