Sterk og stødig-trening

Treng du å trene balanse og styrke? Då kan sterk og stødig-trening vere noko for deg. 

Treninga går føre seg både ståande og gåande, med hovudvekt på styrke i beina og balansetrening. Gruppa blir leia av frivillige instruktørar som er opplært i Sterk og stødig-konseptet. 

Kven passar tilbodet for?

Tilbodet passar for deg som: 

  • er 65 år eller eldre
  • Bur heime
  • klarer deg utan særleg hjelp og bistand, men kjenner deg ustø til tider.
  • kan gå innandørs utan ganghjelpemiddel
  • ønskjer å bli sterkare og meir stødig
  • kan kome deg til og frå trening på eiga hand
  • ønskjer eit sosialt fellesskap i samband med trening

Tid og stad

Treninga går føre seg på Myra kulturbygg

Kvar torsdag er det to separate treningsgrupper:

  • Gruppe 1: torsdag kl. 11.00–12.00
  • Gruppe 2: torsdag kl. 12.30–13.30

Tilbodet følgjer skuleruta, med pause i skuleferiar.

Pris

Tilbodet er gratis ut vårsemesteret.

Påmelding og spørsmål

For påmelding og meir informasjon, ta kontakt med:

Torun Grindvik Weibust 
E-post: torun.weibust@vestnes.kommune.no  
Telefon: 41 61 73 01