Influensavaksine, koronavaksine og lungebetennelsevaksine

For nokon kan influensa gi alvorlege komplikasjoner. Personar i risikogruppene bør ta influensavaksine årleg. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg.

Melding frå Folkehelseinstituttet:

På grunn av forseinkingar i leveransane av influensavaksinar til Folkehelseinstituttet, vil utsendinga av vaksinar starte seinare enn planlagt i år. Forseinkingane skuldast produksjonsutfordringar hos enkelte av vaksineprodusentane, noko som fører til at dei ikkje kan levere vaksinane i tråd med avtalte leveringstidspunkt.

Førebels leveringsplan for Møre og Romsdal er i veke 45.

Vi oppdaterer med ny informasjon så snart vi veit meir.

Datoar for vaksinering

Det blir også i år samvaksinering med influensavaksine, koronavaksine og  lungebetennelsevaksine på legesenteret, alle tre kan settast samme dag om det er aktuelt. 

Desse dagane er sett av for vaksinering:

  • datoar kjem når dei er klare……

Kven bør ta vaksine

Influensavaksine er anbefalt til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskap, frå 6 mnd til 5 år

Born og vaksne med:

  • Diabetes type 1 og 2
  • Kronisk luftvegssjukdom
  • Kronisk hjarte- og karsjukdom
  • Leversvikt eller nyresvikt
  • Nevrologisk sjukdom
  • Svekka immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme
  • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege

I tillegg vert influensavaksine anbefalt til: 

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstjenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl

Koronavaksine er anbefalt til:

•    Alle frå fylte 75 år
•    Personar mellom 18-74 år som inngår i risikogruppe
•    Ungdom mellom 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
•    Born 6 mnd - 11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderar dette
 

Slik bestiller du time

Du bestiller deg time for vaksinering på førehand.  

Du kan bestille via appen Pasientsky eller du kan ringe legesenteret i åpningstida, telefon 71184100. 

Opningstider

Måndag - torsdag 08:30 - 16:00
Fredag 09:30 - 16:00

Telefontid
Kvardagar 09:00 - 15:30

Adresse

Besøksadresse

Brugata 6
6390 Vestnes

Kart