Digitale verktøy i barnehagenI dei kommunale barnehagane på Vestnes brukar vi ulike verktøy og arbeidsmåtar for å støtta barna sin leik, kreativitet og læring.Planen er under revidering og skal tilpassast Helsedirektoratet sine skjermråd. Spesielt kapittelet om progresjon. Ei gruppe med medlemmar frå alle dei kommunale barnehagane, PPT og administrasjonen har utarbeidd ein plan for pedagogisk bruk av digitale verktøy i barnehagen. Dette med bakgrunn i rammeplan for barnehagane der det under barnehagen sine arbeidsmåtar står:Barnehagen sin digitale praksis skal bidra til barna sin leik, kreativitet og læring.Digitale verktøy skal støtte barna sine læreprosessar og bidra til å oppfylle rammeplanen sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn.Ved bruk av digitale verktøy skal personalet vere aktive saman med barna.Digitale verktøy skal brukast med omhu og ikkje dominere som arbeidsmåte.Barnehagen skal utøve digital dømmekraft og bidra til at barna utviklar begynnande etisk forståing knytt til digitale medier.Personalet skal:Utøve digital dømmekraft når det gjeld informasjonssøk, ha eit bevisst forhold til opphavsrett og kildekritikk, og ivareta barna sitt personvern.Legge til rette for at barna utforskar, leikar, lærer og sjølv skaper noko gjennom digitale uttrykksformer.Vurdere relevans og egnaheit og delta i barna sin mediebruk.Utforske kreativ og skapande bruk av digitale verktøy saman med barna. Sist endra 29.09.2026 09.15