Helland barnehage

Helland barnehage er fordelt på to bygg og ligg sentralt i Vestnes sentrum.

Organisering

Barnehagen har 8 avdelingar fordelt på bygga:

  • Helland barnehage øvre: 2 småbarnsavdelingar og 2 storbarnsavdelingar
  • Helland barnehage nedre:  2 småbarnasavdelingar og 1 storbarnsavdeling

Småbarnsavdelingane har frå 9 - 12 barn og storbarnsavdelingane har frå 18 – 24 barn.

Nærmiljø

Barnehagen har eit variert nærmiljø, og vi brukar skogen, fjøra og idrettsparken flittigt. Vi har også opparbeidd ein eigen utebase nær Flatevågen som vi kallar barnehageskogen, med gapahuk og grill. Dei eldste barna får eit tilbod om vanntilvenning i varmtvannsbassenget på Myra.

Visjon

Helland barnehage – ein barnehage til barnet sitt beste.

Helland barnehage ønskjer å vere med på å gi barna ein god barndom. Gi barna opplevingar som står att som lyspunkt for dei i etterkant; barna skal glede seg til å kome i barnehagen. Barnehagen skal vere ein trygg og god stad, der barn skal få støtte til å meistre motgang og handtere utfordringar. Vi ønskjer å gi tid og rom for leiken, og gjennom den legge til rette for utvikling av vennskap med andre barn.

Barna skal møte varme og gode vaksne, som er tilstades for barna og som alltid søker ei forståing for barneperspektivet.

Kontaktinformasjon til avdelingane

Kontaktinformasjon til avdelingane
AvdelingTelefonPedagogisk leiarE-post
Blekkspruten, nedre901 92 656Emely BjørnøySend e-post
Kråkebollen, nedre901 16 371Line Venås RishaugSend e-post
Sjøstjerna, nedre900 51 031Ann-Iren AasSend e-post
Kanutten, øvre902 36 619Ann-Kristin FrafjordSend e-post
Knerten, øvre904 04 285Lill-Monica BøSend e-post
Maurtua902 64 874Ragnhild TandstadSend e-post
Nøtteliten903 60 309Helene Eikremsvik NeraasSend e-post