Velkommen til Vestnes bobil- og rasteplass

Vestnes kommune har opna ny bobil- og rasteplass i sentrum rett ved sjøkanten. Med kort avstand til butikkar/kjøpesenter, kaféar/restaurantar og turområde er dette ein utmerka stad å stoppe.

Det er 10 oppmerka plassar for bobilar og du får fylle vatn og ha tilgang til straum. Det er ikkje toalett- og dusjmoglegheiter. Betaling skjer via Gomarina app - pris pr døgn inkl. straum kr 225,- og utan straum kr 175,-.

Avkøyrsla til bobil- og rasteplassen er i rundkøyringa ved Shellstasjon i Vestnes sentrum.

I Vestnes finn du mange gode butikkar, som utmerkar seg med god sørvis. I Vestnes har vi fleire serveringsstader, mange matvarebutikkar og lokal produsert mat av høg kvalitet. Det er kjekt å ta ein handletur i Vestnes. Vi har mykje å by på og håpar du vil trivast her med oss.

Frå bobil- og rasteplassen går det sti til Kråkvika turområde 

Med kort avstand til sentrum, flott turområde og plassering ved sjøkanten med kveldssol er den nye bobil- og rasteplassen i Vestnes ei perle du må besøke.

Sjå Bobilplassen.no for meir informasjon.

Kart