Næringseigedom

Skattetaksten skal etter Eigedomsskattelova gjenspeile eiendommen sin objektive omsetningsverdi/markedsverdi, jfr Eigedomsskattelova sin § 8 A-2.

Kommunen foretok ei hovudtaksering av alle eigedomar i 2011/2012 med verknad frå 2012. Ved endring på bygning og/eller tomt kan eigedomsskattetaksten bli endra. Det er situasjonen pr 01.01. i skatteåret som grunnlaget for taksten.

Gjeldane takstar vert kontorjustert i 2022 opp med 10 % og ytterlegare 10% i 2023, med heimel i § 8 A-4 i Eigedomsskattelova. 

Generell skattesats vert sett til 7,0 promille. Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget er 4,0 promille. jf. Eigedomsskattelova § 11, 1. ledd og § 13.

Produksjonsutstyr og -installasjonar skal ikkje reknast med i eigedomsskattegrunnlaget for næringseigedom. Her gjeld ei overgangsordning med utfasing av produksjonsutstyr og -installasjonar over ei 7 års periode frå 2019 til og med 2024. Verdien av produksjonsutstyr og - installasjonar (det særskilte grunnlaget) blir redusert med ein sjudel kvart påfølgjande år frå 2019. Ein skriv ut skatt på det særskilde skattegrunnlaget redusert med 6/7 i 2024 (overgangsregel til §§ 3 og 4 i Esktl.) 

Rammer og retningslinjer for taksering etter lov om eigedomsskatt (PDF, 264 kB)  dannar grunnlag for berekning av eigedomsskattetaksten. 

Relevante lenker og dokument

Rammer og retningslinjer for taksering etter lov om eigedomsskatt (PDF, 264 kB)  
Definisjonar av etasjar i bygningar (PDF, 52 kB)
Eigedomsskattelova
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)
Sakkunnig nemnd
Sakkunnig ankenemnd    

Kontakt

Eigedomsskattekontoret
E-post
Telefon 71 18 40 00
Jon Hermann Pilskog Frantzen
Ingeniør
E-post
Telefon 90 36 44 02
Emil Balstad
Einingsleiar
E-post
Telefon 48 12 54 80
Reidun Beathe Bjølverud
Rådgjevar
E-post
Telefon 48 24 12 12

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart