Utgreiing og kunnskapsinnhenting

Arbeidet startet

Som grunnlag for kommuneplanarbeidet, fastsett Plan- og bygningslova at det først skal utarbeidast ein planstrategi og eit planprogram. 

Her kan du lese fastsett planprogram

25.03.2021 15:00

Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging

Regjeringen legger hvert fjerde år fram nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging for å fremme en bærekraftig utvikling i hele landet. Fylkeskommunene og kommunene skal følge opp de nasjonale forventningene i planstrategier og planer.

Nasjonale forventninger til kommunal og regional planlegging 2023-2027

20.06.2023 09:29

Kommunestatistikken

Kvart år utarbeider Møre og Romsdal fylkeskommune kommunestatistikken. Ein formidling av oppdatert relevant statistikk for bruk i kommunane sitt planarbeid. Statistikken er innhenta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB). 

Kommunestatistikken for Vestnes 2025

26.03.2025 12:40

Bustadanalyse

Illustrasjonsbilete som viser bustader - Klikk for stort bilete

Kor mange bustadar treng kommunane framover og kva type? Møre og Romsdal fylkeskommune har laga bustadprognosar for alle kommunane i fylket, basert på Pandamodellen. Modellen analyserer etterspørsel etter ulike bustadtypar, med utgangspunkt i faktorar som geografisk plassering, hushaldsstorleik og alderssamansetting.

Bustadanalyse 2025

Meir informasjon om korleis bustadanalysa er utarbeida finn du på fylkeskommunen sin nettsider.

01.09.2025 13:12

Arealrekneskap

Kart som viser kommunen sin regulerte arealbruk - Klikk for stort bilete

Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeida arealrekneskap for alle kommunane i Møre og Romsdal. Arealrekneskapet inneheld:

  • Arealbruk: Kva areal som er opparbeidd og/eller nedbygd. 
  • Arealtypar: Fordeling og omfang av ulike typar areal. 
  • Planreserve (Mål med arealet): Fordeling og omfang av arealføremål i kommunale planar. Kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar som ennå ikkje er realisert.

Arealrekneskap for 2025 i interaktivt kart

Meir informasjon om arealrekneskapet finn du på fylkeskommunen sine nettsider.

06.05.2026 12:31