Det er 620 turar å velje mellom i vår region.
– Kva er din favoritt-tur? spør Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd?
Friluftsråda vil trekke ut premiar blant alle som nominerer, og når finaste turare i kvar kommune er kåra, vil dette bli synleggjort i media.
Varierte turmål
Så langt i sesongen har 40.000 Stikk UT!-deltakarar i Møre og Romsdal og Heim i Trøndelag registrert 620 000 turar, og endå er det to og ein halv månad igjen av sesongen (til 31. oktober).
Det er fire vanskegradar på turmåla, der grønne turar er dei letteste, dei blå litt meir krevjande, og raude som er krevjande. Det er også nokre få svarte som krev god fysikk og mykje turerfaring. Blant Stikk UT!-turane er det mest grønne og blå turar som går både til fjells, i skogen, ved strender og i urbane område, såkalla nærturar.
– Det er individuelt kva ein likar best med ein tur. Nokre likar det sjønære best, nokre likar seg i skogen og nokre likar seg i ope landskap eller i høgda. Stien betyr også mykje for korleis det opplevest å gå, likeins kva opplevingar ein får undervegs og ved turmålet, seier Hoel.
Lang tradisjon og stor turglede
Stikk UT! starta i Molde i 2005. År for år har turtrimmen blitt stadig meir populær og har spreidd seg til alle kommunane i Møre og Romsdal – og no også vidare utover i landet. Stikk UT! er eit godt og viktig samarbeid mellom kommunane, frivillege, grunneigarar, fylkeskommunen og friluftsråda.
– Gjennom Stikk UT! tilbyr kommunane både eigne innbyggarar og tilreisande fleire av dei finaste turmåla sine, og opp gjennom åra er det mange som har oppdaga nye turperler både i eigen og andre sine kommunar. På den måten har Stikk UT! i stor grad medverka til å gjere folk betre kjent i eige fylke, seier Ellingsæter.
Stem på den finaste Stikk UT!-turen i Vestnes kommune
Svarfristen er 15. september.