Informasjon om koronavaksinering

Informasjon om koronavaksinering

Klikk for stort bilete Vestnes kommune har planane klare for koronavaksinering av befolkninga vår. På denne sida vil vi fortløpande informere om organisering og gjennomføring av koronavaksinering i vår kommune.

Pr. 13.01.2021 er vaksinering godt i gang ved institusjonane i Vestnes og dei komande vekene vil denne gruppa prioriterast.  

Vestnes kommune startar opp med vaksinasjonar av prioriterte grupper i veke 1.  

Vestnes kommune får 25 dosar med vaksinen Comirnaty frå BioNTech og Pfizer i veke 1. Dei første som vil få vaksina, er bebuarar ved sjukeheimane i Vestnes.  

Det skal settast to doser Comirnaty med minst 21 dagar intervall. Dei tre første vekene vil Vestnes få vaksine til første dose. Dei påfølgande vekene vil kommunen motta vaksine til både første og andre dose.

Koronavaksinering