Rådhuset stengt inntil vidare

På grunn av ein trusselsituasjon mot tilsette i NAV og Vestnes kommune er dørene på rådhuset stengt inntil vidare. Treng du kontakt med saksbehandlar, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10 - 14).

Aktuelt

Ordførar i Vestnes kommune Randi Bergundhaugen

Randi Bergundhaugen er fungerande ordførar i perioden 15. - 18. januar.

Distriktssjef for Skanska i Møre og Romsdal Åse Lien Kleppe og ordførar Geir Inge Lien signerte i dag kontrakt om bygging av det nye Helsehuset Stella Maris.

Økonomiplan 2019 – 2022 og budsjett 2019 har lege ute til offentleg ettersyn sidan 4.desember. Høyringsfrist var sett til 10. desember. Fristen var sett for å kunne sende ut alle innkomne merknader i innkallinga til kommunestyret.

Det vert ledig ei leilegheit ved Senior Plaza og ei leilegheit på Aktivitetssenteret. Søknadsfristen er 21. desember 2018.

Vestnes formannskap har no gjort framlegg om økonomiplan 2019 – 2022 og årsbudsjett for 2019.

Vestnes kommune lanserer i dag nye nettsider.

Ordførar i Vestnes kommune Randi Bergundhaugen

Randi Bergundhaugen (H) er fungerande ordførar i Vestnes kommune i perioden 3.- 19.desember.