Innspel frå flyktningar på vaksenopplæringa

I arbeidet med kommuneplanen er det viktig å få innspel og innblikk i korleis dei nye innbyggarane våre trivst og kva dei saknar i kommunen vår.  3. april vart det halde ein workshop på ressurssenteret i Vestnes kommune, der om lag 40 flyktningar gav innspel til arbeidet med kommuneplanen.  

Fleirtalet av deltakarane kom frå Ukraina, men det var også personar frå land som Afghanistan, Kongo, Syria og Eritrea til stades. Møtet starta med ei kort orientering om kommuneplanarbeidet, før deltakarane diskuterte ulike spørsmål om livet og framtida i Vestnes kommune.  

Hengekøye Kråkvika friluftsområde - Klikk for stort bileteI Vestnes er det mange stader å nyte den vakre naturen. Eline Karlsdatter Fladseth

Trivsel

Deltakarane uttrykte generelt sett tilfredsheit med å bu i Vestnes. Dei roste den vakre naturen, hyggelege menneske og det omsorgsfulle fellesskapet. Dei trivst med rolege omgjevnader, tryggleik og tilgang til det dei treng i kvardagen. Nokre peikte på språkkaféen som eit positivt tilbod.

Positive trekk ved Vestnes kommune

Det var stor semje om at Vestnes har flotte natur- og friluftsområde. Deltakarane sette pris på rolege omgjevnader, god utdanning og mange aktivitetar for både barn og vaksne. Dei skildra Vestnes som ein koseleg og vakker stad å bu i, med konsentrert handel og godt utbygde sykkelvegar.

Sakn

Dei fleste deltakarane sakna familie og vener frå heimlandet, og dei ønska fleire jobbtilbod i kommunen. Fleire peikte på behovet for betre offentleg transport, spesielt i helgene. Det blei òg peika på mangel på kulturelle tilbod som kino, karaokebar, ungdomsklubb og svømmebasseng for vaksne.

Framtidsplanar

Mange uttrykte usikkerheit kring framtida på grunn av manglande jobbmoglegheiter. Nokre ønskjer å bli verande i Vestnes og stifte familie, men dei er bekymra for om dei kan bli økonomisk uavhengige. Dei som ønskjer å flytte frå kommunen, vil gjere det på grunn av betre jobbutsikter i større byar.

Særleg viktige behov

Deltakarane trekte fram viktigheita av å få jobb og moglegheita til å forsørge familien. Dei peikte på behovet for økonomisk stabilitet, tilgang til utdanning og sjukehus, og god offentleg transport. Fleire ønskjer å delta i norskkurs på B2-nivå og håpar på ein trygg og stabil framtid i Vestnes.
Vi tek med oss desse innspela i arbeidet med kommuneplanen, slik at Vestnes kan bli ein endå betre stad å bu for flyktningane som søker ein trygg kvardag her.

Sjå alle innspela her (PDF, 152 kB)