Innovasjonscamp 2024

Innovasjonscamp er ei arena der ungdommane i kommunen øver seg på entreprenøriell tenking. Dei får jobbe med ulike problemstillingar frå næringslivet i kommunen. Saman skal dei komme fram til ei løysing og presentere den framfor ein jury og dei andre deltakarane. Elevane får trening i problemløysing, samarbeid og presentasjonsteknikk.

Oppdragsgivar:

Vestnes kommune var ein av oppdragsgivarane da innovasjonscamp blei arrangert for 24. gong i 18 - 22. mars. I heile landet har vi sett ein auke i utfordringar knytt til ungt utanforskap. Ein aukande andel ungdom fell utanfor både på skule, jobb og fritidsaktivitetar. Utanforskap kan ha fleire orsakar, men mobbing i grunnskuleåra er peika på som ein av risikofaktorane. Vestnes kommune ønska å høyre om ungdommen sjølv hadde nokre idear til korleis vi kan jobbe for å hindre utanforskap blant ungdom.

Problemstilling: 

  • Vestnes har høge mobbetal, mobbing skjer både på skulen, på fritidsaktivitetar og i sosiale media. Kva tilbod kan SMUD, kulturskulen og andre skape for at ungdom skal kjenne seg trygge og inkluderte?
  • Lag eit opplegg der kulturskule, SMUD (og grunnskulen) saman - og over tid - skaper eit trygt og godt miljø og der ungdommen får vist sin kreativitet og skaparglede.

Løysing I:

Illustrasjon ungdomshelg - Klikk for stort bilete

Den eine gruppa foreslår ei ungdomshelg med aktivitetar før skulen startar opp om hausten, for å bygge relasjonar etter ein lang sommarferie. Ungdomshelga skal vere for dei mellom 13 og 16 år og vere eit samarbeid mellom dei to ungdomsskulane i kommunen. Dei foreslår seks aktivitetar, der kvar elev kan melde seg på tre av dei.  Aktivitetane dei foreslår er:

  • Kurs i hudpleie, manikyr, sminke, hårstyling/fletting på Idrettsbygget  
  • Fotballturnering 
  • Formingsaktivitetar som snekre, teikne, måle, sy og strikke 
  • E-sport-turnering med premiar
  • Volleyballturnering utandørs.
  • Musikk og dans 

Ungdomshelga skal bidra til å styrke berekraftsmål nr. 10 – Mindre ulikskap. 

Presentasjonen kan du sjå her (PDF, 565 kB)

Løysing II:

Illustrasjon smud skuledag - Klikk for stort bilete

Den andre gruppa foreslår at ungdomskulane i kommunen ei gong i månaden arrangerer ein «smud skuledag». «Smud skuledag» skal vere en morosam og annleis dag. I tillegg ønska dei tilbod om film- og spillkveld annakvar søndag. Slik at alle ungdommar blir inkludert og får vere i lag med andre også i helgene.

«Smud skuledag» og søndagskveldar skal bidra til å styrke berekraftsmål nr. God helse og livskvalitet og nr 17. Samarbeid for å nå måla.

Presentasjonen kan du sjå her (PDF, 2 MB)