Plan for pedagogisk bruk av digitale verktøy i barnehagen
1 Plan for dei kommunale barnehagane i Vestnes
Digitale verktøy er ein sjølvsagt del av det samfunnet vi lever i, og den framtida barna skal bli ein del av. For å støtte barna si utvikling, danning og læring må barnehagen spegle det samfunnet vi lever i. Sosiale medier, mobiltelefonar, datamaskiner, nettbrett osb. er ein del av det norske samfunnet og difor også ein del av barna sitt liv. Som vaksne kan vi, til ein viss grad, vel vekk teknologi, mobiltelefon og nettbrett, og la vere å bruke sosiale medier til kommunikasjon. Dette valet vil ikkje barna som veks opp i dag ha. I framtida vil det bli stilt større krav til digitale ferigheiter i utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv. Det første frivillige steget i utdanninga startar i barnehagen.
I forskrift om rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver, står det at barna skal få oppleve at digitale verktøy kan vere ein kilde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap. I tillegg sei barnehagelova at vi skal gje barna grunnleggjande kunnskap på sentrale områder.

Det overordna målet er at dei kommunale barnehagane i Vestnes skal bruke digitale verktøy som eit pedagogisk verktøy der det er naturleg og der det høver best, ilag med barna.
Alle barnehagane skal anvende digitale verktøy pedagogisk, etisk og forsvarleg.
2 Verdigrunnlag
I arbeidet med digitale verktøy ønskjer Vestnes kommune som barnehageeigar å ha fokus på:
- Digitale verktøy skal støtte barna sine læreprosessar og bidra til å oppfylle rammeplanen sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn.
- I barnehagen skal alle barn få oppleve at digitale verkty kan vere ein kilde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap.
- Digitale verkty skal brukast pedagogisk. Les meir om dette under digitale verky. Digitale verktøy skal brukes med omhu og ikkje dominere som arbeidsmåte.
- Temaet skal vere styrande for verkøyet, ikkje omvendt.
- Ikkje fokus på mest mogeleg bruk, men best mogeleg bruk.
- Barna skal i størst mogeleg grad vere produsentar, og ikkje konsumentar. Les meir om dette under digitale verkøy.
- Ved bruk av digitale verktøy skal personalet vere aktive ilag med barna.
- Personalet skal utøve digital dømmekraft og bidra til at barna utviklar begynnande etisk forståing knytt til digitale medier. Les meir om dette under nettvett - digital dømmekraft.

4 Digitale verktøy
Kva for digitale verktøy har barnehagane våre
Vi har ulike digitale verktøy som vi brukar til ulike aktivitetar og i kombinasjon med kvarandre.
I dei kommunale barnehagane skal alle barnehagelærarar/pedagogiske leiarar har bærbar PC.
Avdelingane skal ha tilgang på:
- PC
- 1 læringsbrett, utvida avdelingar skal ha to brett
- Digitalt kamera
- Projektor
- Digitalt mikroskop
- Skanner
- Skrivar
- Kopimaskin
- Visma Flyt barnehage
Kvifor skal vi bruke digitale verktøy i barnehagen
Digitale verktøy skal supplere barnehagen sine arbeidsmåtar, støtte barna si utvikling og læring og tilby nye utrykksformer. Gjennom digitale verktøy kan barnehagen støtte barna sin nysgjerrigheit, kreativitet og vitebegjær og gje dei utfordringar med utgangspunkt i deira interesser, kunnskap og ferigheiter. Barna blir aktive medskaparar av eigen læring og læringa skjer i samspel med andre. Dette skal gjelde for alle barn. Digitale verktøy skal bidra i det spesialpedagogiske arbeidet i barnehagen.
Vi vil at barna skal oppdage muligheitene med verktøya og at dei skal kunne bruke dei kreativt i ulike prosessar.
For barnehagane våre er det eit mål at alle barn skal få erfaring med digitale verktøy uavhengig av tilgang heime, barnehagen skal vere sosial utjamnande.
Det er eit mål at barna i størst mogleg grad skal vere produsentar og ikkje berre konsumentar. Det vil sei at barna og personalet sjølv skaper uttrykk gjennom digitale verkty, ikkje berre konsumerar ferdig produserte mediainntrykk.
Det er ikkje dei digitale verktøya som i seg sjølv er interessante, men måten personalet brukar dei på i sitt pedagogiske arbeid. Appar er t.d berre gode visst du brukar dei godt. Digitale verktøy er heller ikkje eit mål i seg sjølv, men eit reiskap vi skal bruke i ulike aktivitetar og i kombinasjon med kvarandre.
Med pedagogisk bruk av digitale verktøy meinar vi at det skal vere ein tanke bak det vi gjer, og eit begunna val av verktøy. Vi skal vel det verktøyet som er mest hensiktsmessig sett i høve til det vi ønskjer å formidle. Vi ønskjer at bruken skal føre til noko meir. T.d undring, samtale, noko vi kan ta tak i og jobbe med vidare.
Når personalet inntek ei undersøkjande haldning og eit skapande perspektiv på dei digitale verktøya, kan barna få nye erfaringar og opplevingar. Personalet er med på å forme barna sine haldningar til digitale verktøy.
Bruk av digitale verktøy ved dokumentasjon synleggjer vår pedagogiske praksis både for oss sjølv, for barna og dei føresette.
Ved å innføre nytt fagsystem med kommunikasjonsplattform lettar og samarbeidet og kommunikajsonen med foreldre/føresette.
Digitale verktøy og fagområda i rammeplanen
Bruk av digitalt verktøy henta frå m.a. fagområda i rammeplanen 2017
Personalet skal.........
- Utforske og eksperimentere med teknologi (og naturfenomen) saman med barna (Rp.17.s.52 natur, miljø og teknologi)
- Motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk, dans, drama og anna skapande verksemd og la dei få utvikle varierte uttrykksformer (Rp.17.s.51kunst, kultur og kreativitet)
- Bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer (Rp.17-s.49. Kommunikasjon, språk og tekst)
- Inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar (Rp.17.s.49. Kommunikasjon, språk og tekst)
- Skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre (Rp.17.s 48 Kommunikasjon, språk og tekst)
- Gi barna varierte inntrykk og høve til å uttrykkje seg på forskjellige måtar (Rp.17.s.43 arbeidsmåtane i barnehagen)
- Introdusere nye perspektiv og leggje til rette for nye opplevingar og erfaringar (Rp.17.s.44 Progresjon)
- Sørge for progresjon gjennom bevisst bruk av materiale, bøker, leiker, verktøy og utstyr og gjere dette tilgjengeleg for barna.
5 Mål
Mål for barna
- Barna skal oppleve glede, meistring og engasjement gjennom leik-, læring- og kreative prosessar med digitale verktøy.
- Barna skal oppleve progresjon knytt til bruken av digitale verktøy. Jf progresjonsplan. Dei skal få utfordringar i samsvar med alder og modning.
- Barna skal utvikle ei gryande etisk forståing knytt til digitale verktøy i barnehagen, dei skal oppleve å bli ivaretatt, verna og respektert i bruken av digitale verktøy.
- Sosiale skilnader skal utjamnast, og alle barn skal få sjangsen til å oppnå lik kompetanse. Dei skal bli rusta til å møte læringsbretta i skulen.
Handling:
- Barna skal få bli kjende med dei digitale verktøya vi har i barnehagen, og sjølve få lov til å utforske dei med støtte av ein vaksen.
- Barna må få medverke i heile prosessen når vi arbeider med digitale verktøy, også redigeringsarbeidet. Slik vil barna sjølve få vere med å bestemme om eit produkt er godt nok eller ikkje.
- Lære å bli bevisste bildetakarar, spørje om lov og respektere eit nei.
- Få erfare at digitale verktøy er eit hjelpemiddel når vi utforsker, lærer og leiker.
- Sjå at digitale verktøy er eit supplement som kan berike aktivitetane i barnehagen.
- Barna skal sjølve få skape noko gjennom digitale verktøy.
Mål for personalet
Personalet skal:
- Sette seg inn i/skaffe seg grunnleggjande kunnskap om dei digitale verktøya ein har i barnhagen.
- Gi barna gryande etisk forståing og utøvande digital dømmekraft t.d. at passord er privat og at ein spør før ein tek bilde.
- Legge til rette for at barn utforskar, leikar, lærer og sjølve skapar noko gjennom digitale uttrykksformer.
- Utforske kreativ og skapande bruk av digitalt verktøy saman med barna.
- Vurdere om mediabruken er relevant og eigna, og delta i mediabruken til barna.
- Vere bevisst og sette ord på kva vi gjer i bruken av digitalt verkty i lag med barna.
- Utøve digital dømmekraft når det gjeld informasjonssøk, ha eit bevisst forhold til opphavsrett og kildekritikk og ivareta barna sitt personvern.
- Utarbeide felles forståing og praksis for kva som er greitt å legge ut på nett.
- Innføre nytt fagsystem – Visma Flyt barnehagae i august 2019 (lenke)
- Sikre god dialog med føresette via kommunikasjonsplattform. (Innførast august 2019)

6 Progresjonsplan
Mål
Barna skal få oppleve glede, mestring og engasjement gjennom leik, læring og kreative prosessar med digitale verktøy. Barna skal oppleve progresjon og utvikle gryande etisk forståing og digital dømmekraft.
Kvar enkelt barnehage skal utarbeide tiltak knytt til progresjonsplan.
Arbeidsform og innhald skal ta omsyn til barna sin alder og modning. Barns medvirkning, nysgjerrigheit og kreativitet, og rammeplanen sine fagområder skal leggast til grunn for tiltaka.

7 Barn med særskilde behov
Barn med særskilde behov er ei gruppe med stort mangfald. Grad og karakter av utfordring vil gje ulike støttebehov, og ulike føresetnadar for å ta del i leik og læring i barnehagen.
Denne barnegruppa har ofte rettar knytt til barnehagelova §31 eller §37 som gir dei spesialpedagogisk hjelp eller tilrettelegging av barnehagetilbodet. I takt med digital utvikling har digitale verktøy fått auka merksemd som støtte i både kommunikasjon og utvikling. Digitale verktøy kan vere god støtte for alle barn. For mange vil digitale verktøy gjere noko lettare, for enkelte vil digitale verktøy gjere noko mogleg.
Alternativ, Supplerande Kommunikasjon (ASK) får større og større tyngde i sentrale styringsdokument. Dette inneber at barnehagar i Vestnes kan verte pålagt å nytte hjelpemiddel som skal erstatte eller supplere enkeltbarn sitt talespråk, jf § 39 i barnehagelova. Dette krev at barnehagen legg til rette for å skaffe naudsyn opplæring til bruk av hjelpemiddel og til tilpassing og redigering av hjelpemiddel gjennom dataprogram. Sakkunnig vurdering frå PPT skal vere tydeleg på bruk, organisering og ansvarsfordeling når det er behov for ASK.

Appar kan nyttast til å utvikle omgrep gjennom bilete, lyd og video.For mange barn med særskilde behov vert dette ei multimodal tilnærming der barnet får støtta læringsprosessen gjennom både hørsel og syn på same tid. Under ligg eit døme på korleis ein ilag med barna kan arbeide med «kva det betyr å vere sint».

Appar kan også nyttast til å lage teikneseriar der ein illustrerer sosiale historier ilag med barn. Sosiale historier er framstilling av ønskjeleg åtferd i sosiale situasjonar – t.d korleis barn kan spørje om å få vere med på leik. For barn med sosiale vanskar eller vanskar med kommunikasjon kan dette vere ei nyttig trening.
8 Nettvett – digital dømmekraft
Digital dømmekraft handlar om evne til kritisk refleksjon, mellom anna knytt til informasjonssøk, kildekritikk, personvern og opphavsrett.
Det handlar om å :
- Bruke digitale media og internett på en klok og etisk forsvarleg måte.
- Vere førebudd når ein skal søkje opp nettsider ilag med barna, slik at ein unngår å kome inn på sider som ikkje passar for barna.
- Vere kildekritisk. Internett består av mange ulike nettsider, og mange ulike kilder, sjølv om noko står på internett, betyr ikkje det at det er sant. Å vere kildekritisk handlar om å vere bevisst på at noko er sant, og at noko kan framstå som sant, men ikkje vere det.
- Ha et bevisst forhold til korleis ein bruker internett og andre digitale medier.
- Vere nøyen med å ta omsyn til personvern. Barn skal få uttale seg om bilder, film og tekst dei tek del i før det vert publisert.
- Vere nøyen med å overhalde opphavsretten
I arbeidet med å auke personalet sin kompetanse innan digital dømmekraft nyttar vi kompetansepakka « Digital dømmekraft i barnehagen» som ligg på Udir.no

10 Digitale verktøy i bruk
10.1 Bruk av "Thinglink" interaktiv storybord
Bruk av "Tinglink" interaktiv storyboard"
10.2 Vi lagar eigne forteljingar med "Puppet Pals"
Eigen forteljing med "Puppet Pals"
Eigen forteljing med "Puppet Pals"
10.3 Vi studerar mark ved hjelp av digitalt mikroskpo
10.4 Vi studerar tanglopper ved hjelp av digitalt mikroskop
10.5 QR-koding av jordbærhagen
10.6 Frosken som blei levande
10.7 Vi gjenskapar teikningar frå papir til læringsbrett
10.8 Vi studerar sneglen i digitalt mikroskop
10.9 På tur med GoProkamera på hovudet

10.10 QR-koding i førskulegruppa
10.11 Sommarfest med QR-kode bingo
10.12 Eg lurer på ... kva er bak QR-koden?