Standard for brøyting og strøing
I Vestnes kommune har vi valt å sette krava til brøyting på maks 6 cm våt snø og 10 cm tørr snø. Dette betyr at det vil bli brøyta når det er forventa at krava vil bli overstige. Samtidig vil det kunne bli brøyta og strødd ved høg risiko for isdanning. Ein forventar redusert brøytestandard mellom kl 24:00 og 05:00.
Alle kontraktørar skal brøyte og strø eigne roder. Brøyting og strøing gjerast etter kart, som vist her:
For ei meir detaljert oversikt kan du bruke publikumskartet gjennom knappen under. Kartet viser vegane som blir brøyta, i staden for områda på bileta ovanfor.
Publikumskart
Publikumskartet er under utvikling og kan innehalde feil eller manglar. Desse vil bli kontinuerleg utbetra utover sesongen. GPS-signal kan og være av varierande kvalitet og føre til at vegane berre er registrert som delvis brøyta.
Klage på brøyting og strøing
Klage på til dømes brøytestandard skal sendast skriftleg til Vestnes kommune til: postmottak@vestnes.kommune.no.
Private avtalar
Om du ønskjer å inngå privat avtale om brøyting og strøing, må du ta direkte kontakt med aktuelt firma/kontaktperson som brøyter i ditt område. Det er opp til firma/kontaktperson om dei ønskjer å inngå avtale på eit privat område. Kommunen administrere ikkje private avtalar for andre kontraktørar.
Oversikt over roder og brøytarar
(Kontraktør skal berre kontaktast ved behov)
Ofte stilte spørsmål og svar
Når vinteren melder sin frammarsj og snøen begynner å falle er det tid for brøyting og strøing. Ofte kan dette føre til frustrasjon og usikkerheit med tanke på brøytestandard. Her er nokre spørsmål og svar som kanskje kan hjelpe deg med det du lurer på.
Spørsmål og svar angåande brøyting
I teorien er det først behov for brøyting når det legg seg fleire cm med snø på vegen, gjerne 5 cm eller meir. Samtidig kan behovet for brøyting påverkast av tid på døgnet, vermeldinga og våt/tørr snø. Ved kortare snøbyger vil brøytemannskapa ofte vente til det sluttar å snø før dei vurderer behovet for brøyting. Hovudmålet med brøyting og strøing er å halde vegen køyrbar og forhindre at vegen blir dekt av is, da glatte vegar fører til ugunstige køyreforhold og isen er svært vanskeleg å fjerne. Det er derfor meir sannsynleg at det blir brøytt ved våt snø, då dette gir økt risiko for å danne is og glatt vegbane. Kommunen har valt å ha maks 6 cm våt snø og 10 cm tørr snø som standardkrav, med brøyting før snøfallet forventast å komme over standardkravet.
Det er dessverre slik at brøytemannskapa har avgrensa med tid til å brøyte på, samt plass til å brøyte bort snøen. Med nærare 110 km kommunal veg og gang-sykkelveg, samt fleire kommunale parkeringsplassar som skal brøytast, er det ganske mykje som skal gjerast på nokre få timer.
Dei kan dermed ikkje ta omsyn til alle innkøyrsler og objekt som ligg tett inntil vegbana. Grannelova (naboloven) seier at naboar til offentleg veg som hovudregel må tole ulempene og skadane som kjem frå snøbrøyting/strøing, forutsett at arbeidet er gjort på ein forsvarleg og tilstrekkeleg omsynsfull måte. Kor mykje naboar må tole er avhengig av mengda snøfall, der større mengder aukar tole-grensa. Dersom du føler at ulempene eller skadane har gått over tole-grensa for snøbrøyting rår vi deg til å sende en e-post til kommunen med bilde av ulempe/skade for vidare vurdering.
Sjekk publikumskartet og kontroller om vegen skal brøytast. Publikumskartet visar når ein brøytar sist var ferdig å brøyte vegen. Dersom andre vegar i nærheita er nyleg brøyta er brøytar truleg på veg. Dersom krava frå punkt 1 er overstige og ingen brøytar er ute kan du sende inn ein formell klage.
Brøyting av Europa-veg/Riks-veg er Statens Vegvesen sitt ansvar, mens brøytinga av Fylkes-veg er Møre og Romsdal Fylkeskommune sitt ansvar. Ring 175 ved klage på desse vegane.
Sjå vegkart
Dersom du trykker på en veg vil du få opp en Vegsystemreferanse:
- KV er Kommune-veg
- PV er Privat-veg
- EV er Europa-veg
- FV er Fylkes-veg
vegkart
Det er dessverre slik at vi må prioritere køyrevegar framfor gang/sykkelvegar. Ein generell huskeregel er at vi prøver å brøyte alle køyrevegar innan 4-6 timer etter endt snøfall, for så å ta gangfelt etterpå. Ved lengre snøfall kan det være nødvendig for brøytemannskapa å køyre over mange timar, noko som kan påverke kor lenge det tar før gang/sykkelveg blir brøyta.
Statlege vegar (Europa-veg, Riks-veg og Fylkes-veg) som ikkje er kommunale vegar er ansvaret til Statens Vegvesen og Fylkeskommunen. På disse veiene nyttast statens vinterdriftsklasser, som inneber fastsette krav til brøytingen. Slike vegar har som regel ei høg trafikkmengd og fartsgrense og kan derfor bli svært glatte og trafikkfarlege over tid. Det blir derfor nytta salt for å hindre at det legg seg is på vegbanen. Salt er ikkje bra for miljøet, då det løyser opp miljøgiftene som kjem frå asfalt/dekk og eksos og sender det vidare ut i naturen og gjev uønskt forureining.. Kommune-veger har mindre trafikk og det blir derfor nytta sand/grus til strøing, då det er langt betre for miljøet.
- Brøytemannskapa har og behov for søvn, men kan måtte brøyte til alle døgnets tider. Mykje av brøytinga blir utført tidleg på morgonen, og vedvarande snøfall kan gjere at dei er ute og køyrer under rush-tida.
- Vegane blir glatte på vinteren, både før og etter brøyting. Køyr forsiktig.
- Samanlikna med sommar, som er høgtid for ulykker generelt sett, er vinteren høgsesong for møte-ulykker, fotgjengar-ulykker og ulykker på morgon/formiddag (06:00 til 12:00), dette til tross for at fleire ulykker finn stad på ettermiddag (12:00 til 18:00) enn formiddag. Samtidig er det langt fleire ulykker ved nedbør, dårleg sikt og mørke.