Plassering av tiltak på eigedomen

Generelt skal byggverk ha ein avstand frå nabogrensa som minst svarar til bygninga si halve høgd, og ikkje under 4 meter avstand.

Kommunen kan likevel godkjenne at bygg kan verte plassert nærmare, eller i nabogrensa om:

  • Eigar (festar) av naboeigedomen har gitt skriftleg samtykke eller
  • Ved oppføring av garasje, uthus og liknande mindre bygg.

I slike tilfelle må kommunen gjere ei konkret vurdering av ulempene for aktuelle naboar. Det vil vanlegvis ikkje bli gitt løyve til plassering av bygg nærare nabogrensa enn 1 meter utan samtykke frå nabo. 

Egenerklæring/samtykke frå nabo - bygge nær nabogrense

For meir informasjon om reglane kring plassering av tiltak på eigedomen sjå Pbl § 29-4

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart