Naturfare - Trygg byggegrunnFor at du skal kunne bygge noko på eigedomen din, må byggegrunnen vere tilstrekkeleg sikker mot naturfare. Før du sender inn ein søknad eller startar med eit byggetiltak, må du sjekke om byggegrunnen er trygg.Korleis sjekkar eg eigedomen min?Det finst aktsomheitskart og farekart som viser område der det er potensiell eller kartlagt naturfare. Slik naturfare kan vere:Jord- og flaumskredSnøskredSteinsprangFlaum/stormfloMarin leire og kvikkleireDu kan sjølv søke opp aktuelle aktsomheitsområde i NVE si kartløysing, eller du kan kjøpe ei områdeanalyse av eigedomen.Bestille områdeanalyseKva gjer eg om eigedomen ligg innanfor eit aktsomheits- eller fareområde?Dersom eigedomen du skal bygge på ligg innanfor eit område med muleg naturfare, må du dokumentere tilstrekkeleg tryggleik mot fare før du sender inn søknad. Kommunen kan ikkje gi løyve før tilstrekkeleg tryggleik mot fare er dokumentert. Slik dokumentasjon må utarbeidast av nokon med fagkompetanse på området.Vi gjer merksam på at kravet til sikker byggegrunn gjeld for alle tiltak, også for tiltak som vanlegvis er unntatt frå søknadsbehandling.Kor finn eg meir informasjon?Direktoratet for byggkvalitet har laga ein temarettleiar om krav til tryggleik mot naturpåverknader ved plassering og utbygging i fareområde.Rettleiaren forklarar kommunen sitt ansvar som forvaltningsstyresmakt i byggesaksbehandlinga. Han forklarar også utbyggjar sitt ansvar, og viser kva sikkerheitsnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.Utbygging i fareområdeNVE har laga ein rettleiar for tryggleik mot kvikkleireskred, som du finn her:Tryggleik mot kvikkleireskred Sist endra 04.07.2025 15.55