Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Helland barnehage

Helland barnehage er fordelt på to bygg og ligg sentralt i Vestnes sentrum.

Organisering

Barnehagen har 8 avdelingar med maksimum 126 plassar, fordelt på bygga:

  • Helland barnehage øvre: 2 småbarnsavdelingar og 2 storbarnsavdelingar
  • Helland barnehage nedre: 2 småbarnsavdelingar og 2 storbarnsavdelingar

Småbarnsavdelingane har frå 9 - 12 barn og storbarnsavdelingane har frå 18 – 24 barn.

Nærmiljø

Barnehagen har eit variert nærmiljø, og vi brukar skogen, fjøra og idrettsparken flittigt. Vi har også opparbeidd ein eigen utebase nær Flatevågen som vi kallar barnehageskogen, med gapahuk og grill. Dei eldste barna får eit tilbod om vanntilvenning i varmtvannsbassenget på Myra.

Visjon

Helland barnehage – ein barnehage til barnet sitt beste.

Helland barnehage ønskjer å vere med på å gi barna ein god barndom. Gi barna opplevingar som står att som lyspunkt for dei i etterkant; barna skal glede seg til å kome i barnehagen. Barnehagen skal vere ein trygg og god stad, der barn skal få støtte til å meistre motgang og handtere utfordringar. Vi ønskjer å gi tid og rom for leiken, og gjennom den legge til rette for utvikling av vennskap med andre barn.

Barna skal møte varme og gode vaksne, som er tilstades for barna og som alltid søker ei forståing for barneperspektivet.

Kontaktinformasjon til avdelingane

Kontaktinformasjon til avdelingane
AvdelingTelefonPedagogisk leiarE-post
Blekkspruten, nedre901 92 656Emely BjørnøySend e-post
Havhesten, nedre901 68 147Lill-Marit LøvikSend e-post
Kråkebollen, nedre901 16 371Benedikte HalåsSend e-post
Sjøstjerna, nedre900 51 031Ragnhild TandstadSend e-post
Kanutten, øvre902 36 619Ann-Kristin FrafjordSend e-post
Knerten, øvre904 04 285Lill-Monica BøSend e-post
Maurtua902 64 874Gunn Arnhild HamnesSend e-post
Nøtteliten903 60 309Line Venås RishaugSend e-post

Dokument 

Ofte stilte spørsmål  
Praktisk informasjon (PDF, 42 kB)
Tilvenningsordning (PDF, 81 kB) 
Utstyrsliste (PDF, 108 kB)     
Retningslinjer for når barn er sjuke eller har vore sjuk (PDF, 35 kB)   
 

Kontakt

Randi Beate Kleive Bredeli
Einingsleiar/styrar
E-post
Telefon 90 76 38 19
Gunn Ellingseter Havnsund
Assisterande styrar
E-post
Telefon 90 61 84 06

Opningstider

Kvardagar 06:45 - 16:30

Adresse

Besøksadresse

Helland barnehage nedre:
Myra 1
Helland barnehage øvre:
Misfjordvegen 47
6390 Vestnes

Kart