Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 18.09.2020, kl 15:30

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Tresfjord SFO

Tresfjord SFO

Tresfjord SFO er ein del av Tresfjord oppvekstsenter.

SFO er ein viktig arena for å utvikle nye venskap og sosial kompetanse. Her leikar barn i ulik alder saman før og etter skuletid. Fokuset er å ha det kjekt saman, og få halde på med ting dei er interesserte i.

SFO-basen er i enden av klasseromsgangen, men før skuletid og etter klokka 14.15 er SFO-barna i barnehagen. Morgontilbodet startar i barnehagen kl.07.15, etter skuletid varer tilbodet til kl.16.30. I lag med ein vaksen kan SFO-barna t.d. nytte både gymsal og skulekjøkken i SFO-tida. Barna nyttar same garderobe som i skuletida. SFO og skulen har felles meldingsbok. 

Rektor/einingsleiar er fagleg og administrativ leiar for skulefritidsordninga. Det daglege arbeidet er assistentar som tek seg av.  

Kommunestyret fastset satsane for foreldrebetaling, og vedtek vedtektene som til ei kvar tid er gjeldande.

Det er for tida ingen elevar ved SFO ved Tresfjord oppvekstsenter

 

Illustrasjon barneteikningar Tresfjord SFO - Klikk for stort bilete

Opningstider

Tresfjord SFO 

Frå kl. 07:15 til skulestart
Frå skuleslutt til kl. 16:30

Adresse

Besøksadresse

Skulebakken 1
6391 Tresfjord

Kart