Informasjon om koronaviruset

Helland SFO

Helland SFO

Skulefritidsordninga gir tilbod om tilsyn før og etter skuletid for elevane på 1. - 4. årssteg.

Det arbeider 15 assistentar/ fagarbeidarar pluss dagleg leiar ved SFO.

Skuleåret 2019/2020 vil Helland SFO ha 83 barn.

SFO har eigen base i barneskulebygget. SFO kan i tillegg disponere kjøkken/aktivitetsrom, mediateket, klasserom, grupperom og Aulaen. SFO og skulen har felles uteområde. I skuletida deler SFO uteområde med barna på småskulesteget.

Opningstider Helland SFO 2019 - 2020 (PDF, 55 kB)

SFO- er ein viktig arena for

  • kvardagen til barna
  • å utvikle sosial kompetanse
  • leik og læring
  • barnas eigen kultur
  • å utvikle nye venskap   

Vi legg vekt på

  • Ein trygg og triveleg stad å vere
  • Tid til leik - ute og inne, tid til å leike ferdig
  • Måltid
  • Kvardagsferdigheiter
  • Aktivitetar tilrettelagt av vaksne
  • Barnas eigne aktivitetar
  • Gode barndomsopplevingar
  • Tid til kjede seg?
  • Dette er barnas fritid!

Praktisk informasjon

Merk klede og sko. Husk innesko. Klesskift, klede som tåler stygt ver og klede som held barna varme.  Barna bruker same garderobe på SFO som i skuletida (utanom 4. steg).

SFO og skulen har felles meldingsbok, den skal brukast til skriftlege meldingar/informasjon, mellom heim og skule/SFO.  Meld alltid ifrå til personalet når de hentar barn på SFO.  Gjer gjerne faste avtaler, som gjer dagen forutsigbar for barna og for oss. SFO har eige skjema for dette.

SFO må ha muntleg eller helst skriftleg beskjed om barnet skal gå heim eller bli henta av andre enn foreldra. Telefon skal unntaksvis nyttast i dette høvet. Send då helst SMS i god tid før barnet skal gå/ bli henta.

Barn i 1.kl skal bringast og hentast.

Dei som skal ete frukost på SFO, må ta med denne sjølv.

Dagrytme

Dagrytme - SFO Helland
Kl Timeplan
Kl 07:00 SFO opnar
Kl 07:30 Frukost. Barn som skal ete frukost har med eiga matpakke. SFO ordnar drikke.
Kl 08:30 - 13:00/13:45 Skule
Barna blir møtt i klasserommet og registrert inn på SFO.
Kl 13:00 - 13:45 Alle skal vere ute
Kl 13:45 - 14:30 Kantine. Smøremåltid. Alternativ lunch ca kvar 14. Dag, vekselvis mellom vekedagane.
Barna bestemmer sjølv om dei vil vere inne eller ute. 
Kl 16:30 SFO stenger.
 

Foreldresamarbeid

For at SFO skal vere eit så godt tilbud som råd for foreldre og barn, treng vi eit nært samarbeid mellom foreldre og SFO.
Samarbeidet må basera

  • Ofte kontakt ( eks ved henting)
  • Foreldremøte
  • Informasjonsutveksling
  • Tilbakemeldingar, både positive og negative
  • Sende e-post
  • Ringe og avtale møte

Klikk for stort bilete

Kontaktinformasjon

Helland SFO
Telefon 71 18 85 62
Mobil 971 66 067
Jeanette Beinset
Pedagogisk leiar
E-post
Telefon 71 18 85 62
Mobil 971 66 067

Opningstider

Helland SFO

Frå kl. 07:00 til skulestart
Frå skuleslutt til kl. 16:30

Adresse

Besøksadresse

Skulevegen 2
6390 Vestnes

Kart