Informasjon om koronaviruset

Fiksdal SFO

Fiksdal SFO

Fiksdal SFO er ein del av Fiksdal oppvekstsenter

SFO er ein viktig arena for å utvikle nye venskap og sosial kompetanse. Her leiker barn i ulik alder saman før og etter skuletid. Fokuset er å ha det kjekt saman, og få halde på med ting dei er interesserte i. Ein del av dei daglege rutinene er felles måltid og øve på ferdigheiter som dei treng i kvardagen.

SFO har sin base i den eldste delen av skulen, og skuleåret 2018/2019 er det ti barn frå 1.-5. klasse som har SFO-plass. Rektor/einingsleiar er fagleg og administrativ leiar for skulefritidsordninga. Det daglege arbeidet er fordelt mellom tre fagarbeidarar. 

Praktisk informasjon

Barna nyttar same garderobe på SFO som i skuletida.
SFO og skulen har felles meldingsbok. Lag gjerne faste avtalar med skulen for kvar barnet skal etter skuletid.
Barna har med eigen matpakke til frukost om morgonen.

Kommunestyret fastset satsane for foreldrebetaling, og vedtek vedtektene som til ei kvar tid skal gjelde for ordninga. Vedtektene kan du lese her: 

Dagrytme

Dagsrytme SFO Fiksdal
Kl Timeplan
Kl 07:00 SFO opnar
Kl 07:45 Frukost.
Kl 08:30 - 12:30/14:30 Skule. Barna blir registrert inn på SFO.
Kl 12:30 / 14:30 SFO: Leik ute/inne
Ca kl. 14:00 - 15:00 Smøremåltid/ alternativ lunsj.
Kl 14:30 – 16:30 Leik ute/inne
Kl 16:30 SFO stenger.

 

Foreldresamarbeid

Vi ønsker eit tett og godt samarbeid med heimen. Meld gjerne til SFO sin mobil eller einingsleiar/rektor ved behov. Eleven si meldingsbok skal nyttast når det er mogleg. 

Slik har vi det

Illustrasjon barneteikningar - Klikk for stort bilete

Kontaktinformasjon

Fiksdal oppvekstsenter
Mobil 412 62 647

Telefon SFO: 947 82 442

Fiksdal SFO
Mobil 947 82 442
Elisabeth Selnes
Einingsleiar/Rektor
E-post
Telefon 71 18 94 18
Mobil 412 62 647

Opningstider

Fiksdal SFO

Frå kl. 06:45 til skulestart
Frå skuleslutt til kl. 16:30

Kart