Vike Montessoriskule

Vike Montessoriskule

Vike Montessoriskule ligg på Vikebukt og har 70 elevplassar. Vi er eit pedagogisk alternativ i Vestnes kommune og arbeider etter Maria Montessori sine prinsipp.

Grunntanken i Montessoriskulen

Grunntanken er å ta barna på alvor, som eit individ som skal ha ei reell rolle i samfunnet. Barnet skal respekterast og lære seg å respektere verda rundt seg – ikkje berre andre menneske, men like viktig er det å respektere naturen og miljøet rundt seg.

Elevane i ein montessoriskule arbeider tverrfagleg og i lag på tvers av alder. Gruppe 1 har elevar frå 1.-3.klasse og gruppe 2 har elevar frå 4.-7.klasse. 7.klasse har eigen timeplan store delar av veka. Det vert ikkje lagt opp til konkurranse eller måling mot andre, den individuelle utviklinga står i fokus. Læringa vert i liten grad delt opp i spesifikke fagtimar. Barna får fordjupe seg og konsentrere seg om eit emne i lange bolkar om gongen.

Her finn du meir informasjon om Vike Montessoriskule. 

Her kan du søke om skuleplass og/eller SFO-plass.

SFO

Vi har SFO (skulefritidsordning) før og etter skuletid for 1.-5.klasse.

Skuleskyss

Gratis skuleskyss etter fylkeskommunale retningslinjer, søk skuleskyss her.

Slik har vi det

Kontaktinformasjon

Siv Elin Sæther
Rektor/dagleg leiar
E-post
Telefon 71 18 05 97
Mobil 905 92 490
Einar Skjegstad
Styreleiar
E-post
Telefon 413 10 674

Adresse

Besøksadresse

Gjermundnesvegen 77
6392 Vikebukt

Kart