Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 29.09.2020, kl 09:01

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Fiksdal oppvekstsenter

Fiksdal oppvekstsenter

Fiksdal skule, ein liten barneskule i den vakre bygda Fiksdal i Vestnes kommune. 

Fiksdal skule er ein fådelt skule med 39 elevar. Bygdene Rekdal og Fiksdal soknar til skulen som er ein rein barneskule for 1. - 7. årssteget. Vi er omgitt av fjord, fjell og skog som vi lett kan nytte i kvardagen. På vårt flotte uteområde har vi ei hytte med grue («skåtet»), lang akebakke, kunstgrasbane og ballbinge, i tillegg til sklier, disser og sandkasser. Vi kan og ta med bålpanna vår og nytte gapahukar i nærleiken. Det er med andre ord kort veg til positive opplevingar i naturen her i Fiksdalen.

Fiksdal skule er ein del av Fiksdal oppvekstsenter, så den fysiske avstanden mellom barnehagen og skulen er kort. I tillegg kan dette bidra å gjere overgangen mellom barnehage og skule enklare.

Skulen har eit nært samarbeid til FAU, og dei stiller opp med varmlunsj kvar fredag. Dette er eit tiltak som elevane set veldig stor pris på.

Skuledagen startar kl.08.30. Kortdagar sluttar kl. 12.30, langdagar sluttar kl.14.20. Vi har gode friminutt i løpet av skuledagen. Nokre dagar i veka har «leikepatruljen» ansvaret for å legge til rette for kjekke aktivitetar ute. Vi kan og variere med å bruke gymsalen.

Visjon/overordna mål

Vårt høgaste mål er å vere «ein skule der alle barna skal ha det trygt og godt». Trygge barn som trivst vil kunne utvikle seg, vekse og lære gjennom varierte aktivitetar.  

SFO

Vi har SFO (skulefritidsordning) før og etter skuletid for 1.-5.klasse.

Slik har vi det

Kontaktinformasjon

Fiksdal oppvekstsenter
Mobil 412 62 647

Telefon SFO: 947 82 442

Elisabeth Selnes
Einingsleiar/Rektor
E-post
Mobil 412 62 647

Opningstider

Skuledagen startar kl 08:30
Kortdagar sluttar kl 12:30
Langdagar sluttar kl 14:20

Adresse

Besøksadresse

Fiksdalsvegen 27
6394 Fiksdal

Kart