Bustadtomter

Bustadtomter

Vi har bustadtomter til sals i dei fleste bygdelag i kommunen.  Dette kan vere tomter både i eldre og nyare bustadfelt. Sjå eigen artikkel om nye bustadtomter på Bakneset.

Prisane på tomtene kan variere mykje, og vert som hovudregel fastsett med utgangspunkt i utbyggingskostnadene for den perioden det einskilde bustadfeltet vart utbygd. I nokre områder med lite etterspurnad har ein gjennom politiske vedtak fastsett nye «subsidierte» prisar på tomtene. I heilt nye felt kan tomtene derimot ligge i andre enden av prisskalaen. Høgare prisar skuldast som regel ein kombinasjon av høgare innkjøpspris av tomtegrunn og relativt få tomter å fordele utbyggingskostnadane på. Eit viktig prinsipp ved fastsetting av tomtepris har vore at tomtene skal verte seld til sjølvkost. Gjennom dette prinsippet har kommunen ikkje noko forteneste på tomtene. Vestnes kommune ønsker at innbyggarar og tilflyttarar skal få høve til å kjøpe rimelege tomter til ein pris som ikkje er marknadsstyrt.

Tildelingsreglar

Det er utarbeida eigne tildelingsreglar (PDF, 374 kB) for sal av bustadtomter (PDF, 151 kB). Vestnes kommune ønsker gjennom dette regelverket å ha klare og ryddige rutiner for tildeling av bustadtomter, samt å hindre spekulasjon om vidaresal av tomter. Alle søknader om å få tildelt bustadtomt skal vere skriftleg.

Vilkår for kjøp

Nedanfor har vi lista opp nokre av vilkåra ved sal av bustadtomter:

  • Ved søknad skal kommunens søknadsskjema nyttast.
  • Ved førstegongs utlysing av nye tomter vert det i kvart enkelt tilfelle presentert ein eigen søknadsfrist.
  • Øvrige tomter vert seld etter prinsippet om «først-til-mølla».
  • Tomta skal bebyggast innan 2 år. Om ikkje dette vert oppfylt har kommunen ein tilbakekjøpsrett.
  • Tomtene vert seld med veg, vatn og avløp fram til tomtegrensa.
  • Tomteprisane er faste. Eventuelle bud under fastsett pris vert avvist.
  • Tomtesøkaren må vere ein privatperson over 18 år og kan ikkje eige kommunal ubebygd tomt frå før.
  • Kjøpar plikter å gjere seg kjent med reguleringsføresegnene for området der tomta ligg.
  • Ved kjøp av bustadtomt er det utarbeidd standard kjøpekontrakt. (PDF, 566 kB)

Oversikt over ledige bustadtomter 

 

Prisar Bustadtomter  

Prisar bustadtomter
Tomtefelt Antal Tomtepris (ca.)
Vestnes, Åsbygda 8 698 000
Vikebukt, Bakneset (nord) 1 140 825
Daugstad, Brovold/Sætre 1 84 960
Tresfjord, Sylteråket Aust 6 195 000
Tresfjord, Sylteråket I 3 105 970
Tresfjord, Sylteråket II 3 139 180
Skorgevik, nedre (m/nausttomt) 1 101 240
Tomrefjord, Vik/Selnes 3 110 080
Fiksdal, byggefeltet 3 63 950
Rekdal, Sandane 2 23 100

Felles for alle tomtene:

  • Prisane er inkl. tomtegrunn, teknisk anlegg, frådelings-/oppmålingsgebyr, dokument avgift og tinglysingsgebyr. 
  • Endeleg pris vert fastsett når tomta er oppmålt (tomtene varierer noko i storleik).
  • Tilknytningsavgift for vatn i privat vassverk kjem i tillegg.
  • Tilknytningsavgift for elektrisitet er ikkje inkludert.

Kontaktinformasjon

Eigedomsdrift
Øystein Hole
Saksbehandlar
E-post
Telefon 71 18 40 63
Mobil 941 46 273
Mona Janne Johansen
Einingsleiar
E-post
Telefon 71 18 40 78
Mobil 913 71 800

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Aktivitetssenteret
Brugata 8
6390 Vestnes

Kart

Fann du det du leita etter?