Etablerarprøve

Etablerarprøve

Kven kan ta prøva?

Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøva. Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år.

Kvar tek du prøva?

Det er servicekontoret som avheld prøva i Vestnes kommune. Ta kontakt med saksbehandlar for å avtale dato og tid.

Gjennomføring av prøva

  • Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med fødselsnummer og bilete).
  • Prøva er ei fleirvalsprøve på 90 minutt. Du må svare riktig på 40 av 50 spørsmål.
  • Prøva er på norsk. Du kan ikkje ha med tolk eller bruke ordbok.
  • Du kan bruke lov- og forskriftstekstar som hjelpemiddel.
  • Prøva er elektronisk.
  • Du kan ta prøva på nytt heilt til du består.

Tilrettelegging ved spesielle behov

Det er muleg å gje utvida tid til kandidatar som har behov for tilrettelegging, for eksempel ved dysleksi. Behovet må du dokumentere med legeerklæring. Du kan få inntil 30 minutt meir tid.

Ta kontakt med oss, dersom du har behov for anna tilrettelegging.

Kva koster det?

Gjeld frå 01.01.2015
Etablerarprøve - gebyr
Etablerarprøve Gebyr
Gebyr for gjennomføring av etablerarprøva, pris pr prøve kr 400

Pensum

Prøva skal dokumentere kandidaten sin kunnskap om:

  • Serveringslova,
  • Skatte- og avgiftslovgivinga
  • Rekneskapslovgivinga
  • Konkurslovgivinga
  • Arbeidsmiljølovgivinga
  • Alkohollova

Prøva er basert på læreboka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter". Du kan kjøpe boka og anna materiell hos Vinn (vinn.no).

Bevis

Alle som består etablerarprøva får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon om at du har naudsynt kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Det vert sendt til deg i etterkant.

Kontaktinformasjon

Asbjørg Oddny Folland
Saksbehandlar
E-post
Telefon 71 18 40 53

Opningstider

Rådhuset: 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
6390 Vestnes

Kart

Fann du det du leita etter?