Kompensasjonsordning for lokale verksemder - covid-19

Kompensasjonsordning for lokale verksemder - covid-19

Stortinget har vedteke ei kompensasjonsordning for lokale verksemder. Dette som del av dei økonomiske tiltaka knytt til ringverknadene av Covid-19- pandemien. Kommunane har ansvaret for å fordele midla og Vestnes kommune har no motteke kr 517 000,- til fordeling innanfor ordninga. Dette er  tredje runde med tildeling av midlar.

Kommunestyret vedtok i sitt møte den 25. mars (KST-sak 34/21) retningslinjer for handteringa av ordninga i Vestnes.

Alle næringsverksemder med forretningsadresse i Vestnes og som fyller vilkåra kan søke, uavhengig av bransje.

Slik søker du

Det skal søkast skriftleg via søknadsskjema i portalen www.regionalforvaltning.no

Søknadsfrist 25. august 2021

I søknaden skal minimum følgjande forhold dokumenterast:

  1. At verksemda har hatt omsetningssvikt og/eller meirutgifter som følgje av lokale eller nasjonale smitteverntiltak
  2. At verksemda heilt eller delvis har falle utanfor andre nasjonale kompensasjonsordningar

Opplysningane kring økonomi  skal attesterast av revisor eller autorisert rekneskapsførar. Verksemdene som søker må fylle vilkår for såkalla «bagatellmessig støtte» i regelverket kring statstøtte innan EU/EØS. Det vil seie at verksemda ikkje kan ha motteke meir enn 200 000 euro i offentleg støtte siste 3 år.

Det er det politisk oppnemnde Næringsfondsutvalet som vil behandle søknadane og tildele støtte. Det er eit avgrensa beløp Vestnes Kommune har fått til fordeling no og dersom søknadsbeløpet overstig beløpet kommunen har til fordeling vil Næringsfondsutvalet foreta ei skjønnsmessig prioritering av søknadane. Det er ikkje gitt at alle verksemder som søkjer vil få støtte og ein kan heller ikkje rekne med at omsetningssvikt/meirutgifter blir dekka fullt ut.

Les tilskotsbrev kommunal kompensasjonsordning (PDF, 263 kB)

Opningstider

Telefontid: 
Kvardagar 09:00 - 15:00

Opningstid:  
Kvardagar 10:00 - 12:00 
Oppfordrar likevel publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand pga. smittevern.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

 

Kart