Vestnes kommune

Søke stilling som kommunal tilsett/tidlegare tilsett/vikar

Søke stilling som kommunal tilsett/tidlegare tilsett/vikar

Har du brukarnamn og passord  

Gå direkte til ledige stillingar.

Dersom du ikkje har brukarnamn og passord      

Dersom du er eller tidlegare har vore lønnsmottakar i Vestnes kommune, er du allereie oppretta som brukar i vårt lønns-og personalsystem.

Systemet vårt kjenner deg igjen på tildelt brukarnamn og passord. Brukarnamn og passord er knytt til e-postadressa di. Det er derfor svært viktig at alle tilsette og tidligare tilsette (også vikarar) ikkje opprettar ny brukarkonto når det skal søkast ny jobb, men brukar alternativet *”Glemt brukernavn og passord”, og følger instruksjonane.

*NB! Tidligare tilsette, og tilsette som har endra e-postadresse må kontakte lønn og personal på telefon
71 18 40 54. Den nye epostadressa må leggast inn i lønnssystemet før du søker på ny stilling.

Tilsette som allereie er brukarar av Visma Enterprise (Fakturabehandling m.m.) treng ikkje nytt brukarnamn og passord; Du finn eiga arkfane for "Ledige stillinger" frå startsida i Enterprise.

Det nye systemet kjenner igjen tilsette og tidligere tilsette. Dvs. at du finn persondata som er registrert på deg frå før, lagt inn via lønnssystem/HRM, og desse skal oppdaterast i din nye søknad.   

Er du tilsett/tidlegare tilsett i Vestnes kommune og søker ny stilling i kommunen gjer du følgjande:   

  • Trykk på "Ledige stillinger"
  • Logg deg på med brukarnamn og passord (øverst til høgre på skjermen).
  • Har du ikkje gyldig brukarnamn og passord, vel "glemt brukernavn/passord"
  • Etter pålogging med brukernamn og passord, vel "Personalia" og deretter "Kompetanse"
  • Legg inn/oppdater CV
  • Gå deretter til "Hjem" for å sjå ledige stillingar
  • Vel stillinga som du ønsker å søke på
  • Trykk "Søk på stilling" og følg instruksjonane som da kjem fram 

Kontaktinformasjon

Synnøve Sæterøy
Personalkonsulent
E-post
Telefon 71 18 40 54
Hilde Rekdal
Rådgjevar
E-post
Telefon 71 18 40 57

Opningstider

Rådhuset 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
6390 Vestnes

Kart

Fann du det du leita etter?