Tilskot til avløysing ved sjukdom m.v

Tilskot til avløysing ved sjukdom og liknande skal bidra til å dekkje utgifter til avløysing når bonden ikkje kan delta i gardsdrifta på grunn av sjukdom eller graviditet, fødselspermisjon eller sjukt barn. Ved bondens dødsfall kan attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn søke om tilskot.

Kven kan søke

Føretak (ENK, ANS eller DA) kan søke om tilskot dersom ein person med minimum ½ G i årleg næringsinntekt frå føretaket ikkje kan delta i arbeidet i føretaket som følgje av sjukdom o.l. Føretaket må:

  • Vere registrert i Einingsregisteret
  • Drive vanleg jordbruksproduksjon

Nærståande etterlatne etter avdød jordbrukar (sambuar/ektefelle, barn eller foreldre) kan søke om tilskot dersom:

  • Avdøde hadde minimum ½ G i årleg næringsinntekt frå føretaket
  • Føretaket er registrert i Einingsregisteret
  • Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon

Det blir berre gjeve tilskot for dokumenterte, faktiske utgifter til avløysing.

Slik søker du

Du søker tilskotet på elektronisk søknadsskjema i Altinn. 

Når du fyller ut søknaden vil du få melding om kva for dokumentasjon du må leggje ved. 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er eit år etter siste dag i perioden for sjukmeldinga du søker tilskot for. 

For meir informasjon sjå Landbruksdirekotretet si nettside. 

Kommunen er saksbehandlar og vedtaksmynde.

 

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart