Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 22.10.2020, kl 09:22

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Tilskot frå Kontantkassa.no

Tilskot frå Kontantkassa.no

Vestnes kommune har etablert ei tilskotsordning kalla “Kontantkassa”.
Kommunen har søkt prosjektmidlar frå Møre og Romsdal Idrettskrets, som har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til dette føremålet.

Kva er tilskot frå Kontantkassa?

Kontantkassa er ei enkel og ubyråkratisk tilskotsordning.
Tilskotet skal bidra til at alle barn og unge kan delta i minst ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon.

Ordninga gjeld for barn og unge i Vestnes i alderen 6-18 år.

Kven kan søke tilskot frå Kontantkassa?

Dei som kan søke om tilskotet er:

  • Laget/foreininga, som idrettslaget, korpset, koret, lokallaget, kulturskulen og andre.
  • Ressurspersonar som arbeider i kommunen, som helsesjukepleiar, miljøterapeut, lærar, barneverntenesta og andre

Barnet eller familien kan ikkje søke sjølv. 

Krav til søkar

Søkaren må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå Kontantkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande. Kontantkassa skal ikkje vere eit handslag til lag og foreiningar som har utfordringar med å inndrive kontingentar. 

Den som søker har ansvar for å følge opp at barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt tilskot til.

Vi ønsker at det er to personar som er knytt til barnet/ungdommen som går god for søknaden. Med dette er meint at den som søker skal hjelpe barnet til å hugse på og komme seg til aktiviteten i starten, men ikkje at den vaksne må følge barnet på alle aktivitetane. Oppfølging kan også innebere å sjekke at kontingenten er betalt.

Kva kan du søke tilskot frå Kontantkassa til?

Det vert gitt tilskot til

  • Kontingent/semesteravgift
  • Turneringar/cup
  • Leir
  • Lommepengar
  • Utstyr for deltaking i fritidsaktivitetar

Kor mykje tilskot kan eg søke om?

Du kan søke om inntil kr 2.400,- per person per år. Det er mogleg å søke fleire gonger per år.

Slik søker du om tilskot frå Kontantkassa

Du kan søke om tilskot frå Kontantkassa ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema.

Du kan søke fleire gonger per år.

Vedlegg til søknaden

Du må legge ved dokumentasjon som fakturaer eller kvitteringar.

Du kan òg søke om tilskot på førehand. Då må du ettersende dokumentasjonen.

Frist for å søke om tilskot frå Kontantkassa

Det er ingen søknadsfrist. Du kan søke heile året.

Meir informasjon om tilskotsordninga

Vil du vite meir om ordninga? På Idrettsforbundet si heimeside kan du lese meir om bakgrunnen for ordninga

Kontaktinformasjon

Ingrid Skjegstad
Rådgjevar
E-post
Telefon 71 18 40 97
Mobil 902 12 038

Opningstider

Telefontid: 
Kvardagar 09:00 - 15:00

Opningstid:  
Kvardagar 10:00 - 12:00 
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand pga. smittevern.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart