Informasjon om koronaviruset

Slik blir 17. mai i Vestnes kommune

Slik blir 17. mai i Vestnes kommune

Klikk for stort bilete


 

«Ja vi elsker»

Heile Noreg syng «Ja vi elsker» klokka 12.00 - bli med!
Vi oppfordrar alle innbyggarane i Vestnes kommune til å synge "Ja vi elsker" i kor! Syng i hagen, frå verandaen, frå stua di, på veg på fjellet, i bilen - kor enn du er kl. 12.00. 

Vågstranda

Kl 12:30 Gudsteneste i Vågstranda kykje - AVLYST
Kl 13:30 BilTOG gjennom heile bygda med oppstart frå kyrkja. Vi køyrer over Vikåsen, vidare gjennom Hjelviksvingane, før vi følgjer hovudvegen inn til Våge. Avsluttar ved kyrkja. På Reistad vil det bli ett kort stopp for utdeling av is og brus til barna.  

Vikebukt

Kl 11:00 Digital 17. mai-tale sendt på Vike Ungdomslag si facebookside. Talaren i år er Arne Vike (talen il vere tilgjengeleg på FB også etterpå)
Kl 12:00 BilTOG med oppmøte på småbåthavna. Avgang etter felles nasjonalsang. Køyrer rundt Gjermundnes, mot Krogset og tilbake til småbåthavna.
Kl 09:00 - 17:00 Gratis Natursti for barn og vaksne (startar ved Vike Montesorri Skule til Vikingheim)
Sjå heile programmet på Vike Ungdomslag si FB-side, spesielt med tanke på informasjon om smittevern.

Tresfjord

Kl 13:00 Køyretøykolonne. Avgang frå Tresfjord stadion. Møt opp i god tid, men hugs hald avstand og bruk munnbind om du går ut av køyretøyet. Kolonna køyrer frå stadion, rundt bygda (retning Hagesida først, og ned Neremsida). Deretter rundt Sylteråket og gjennom Syltebakken. Alle køyretøy er velkommen, gjerne pynta med flagg og anna.

Helland  

  • Vestnes Musikklag spelar ulike stader. På grunn av smittevern vil vi ikkje ha store samlingar med folk, men oppfordrar folk til å lytte til musikken frå hagen eller altanen.
  • Gudsteneste i Vestnes kyrkje - AVLYST.
  • Vestnes og Daugstad/Vike skulekorps speler ulike stadar. Korpset marsjerer frå stad til stad og speler. På grunn av smittevern ber vi om at publikum ikkje «heng seg på» og lagar tog. Nyt istaden musikk frå vegkanten, frå hagen eller verandaen, med flagg og hurrarop 

Kl 12:00 Allsong i heile Noreg: «Ja, vi elsker dette landet» Stå gjerne ute og syng med!  Korpset spelar ute, dette kan også sjåast på digitalt program kl 12:00.  
Kl 12:00 SJÅ DIGITALT PROGRAM HER
Kl 14:30 BåtTOG - sjå eige arrangement på Småbåtforrening si nettside med tanke på nye smittevernsreglar.
Kl 16:00 BilTOG i regi av NMK Vestnes - Oppstilling frå Sjøgata/Sjøfronten ved Hammeråsparken og bakover mot Rema 1000. Det vil bli en godt markert følgebil i front, sjå FB-side til klubben for meir informasjon og rute ein skal køyre
Sjå FB for heile arrengementet.

Øverås/Nerås

Kl 10:45 Tomrefjord skulekorps spelar på grusbana nedom "gamleskulen". Møt gjerne opp, men hugs smittevernreglane og hald god avstand.
Ca kl 11:00 TraktorTOG frå Ljosvang om Øverås, til Lervågen og inn på Neråssetra. Hans Petter leiar an i toget, som i fjor. Håpar på mange flotte, pynta traktorar. 

Tomrefjord

Kl 08:00 Flaggheising ved Tomrefjord skule
Kl 12:00 "Heile Noreg" syng nasjonalsangen. Tomrefjord skulekorps stiller opp ved Tomrefjord kristne forsamlingshus saman med 6. klasse og spelar/syng "Ja vi elsker".
Kl 12:05 17. mai-tog med kun Tomrefjord skulekorps og 6. klasse. Toget går frå Tomrefjord kristne forsamlingshus til Neråskrysset på Vik. Vi oppfordrar alle å komme ut og sjå på toget, men samtidig halde avstand, ikkje samlast for mange og overhalde smittevernsreglane.
Kl 14:00 BilTOG i same regi som i fjor, med same rute (PDF, 133 kB). Felles start frå Langneset.

Sjå meir informasjon for heile arrangementet på facebook.