Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Tenestekontoret

Tenestekontoret

Tenestekontoret arbeider etter ei målsetting om at alle innbyggarar i kommunen skal sikrast lik tilgang til naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Tenestekontoret skal:

  • gje informasjon, rettleiing, motta, kartlegge og saksbehandle søknader om helse- og omsorgstenester. Einingsleiar for aktuell teneste fattar vedtak
  • som koordinerande eining i kommunen ha overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og for oppnevning, opplæring og veiledning av koordinator

Les meir eller søk om individuell plan og koordinator her  

Kva kostar det?

Kommunen kan kreve vederlag for helse- og omsorgstenester frå pasient og brukar når det følgjer av lov eller forskrift.

Sjå kommunen sine betalingssatsar for helse- og omsorgstenester her.

Slik søker du

Les meir korleis du søker på helse- og omsorgstenester her.

Slik klager du

Les meir korleis du klagar på helse- og omsorgstenester her.

Regelverk og planar

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) 
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)  
Individuell plan koordinator og koordinerende enheter - Handlingsplan 2017-2020 (PDF, 903 kB)
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Marit K Tomren
Sjukepleiar/saksbehandlar
E-post
Telefon +47 48 02 48 09
Siri Myklebust
Saksbehandlar
E-post
Telefon +47 90 69 31 60
Veronica Trandal
Sosionom/saksbehandlar
E-post
Telefon +47 91 65 33 30

Opningstider

Opningstid og telefontid: 
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse
Tenestekontoret - Helsehuset Stella Maris
Brugata 6
6390 Vestnes

Postadresse
Tenestekontoret
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart