InfluensavaksineFor nokon kan influensa gi alvorlege komplikasjoner. Personar i risikogruppene bør ta influensavaksine årleg. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg.Bestill vaksinetimeDu kan få samvaksinering med influensavaksine og ny oppdatert koronavaksine på Vestnes Legesenteret, ønsker du begge to så settast dei same dag. Det blir ikkje sett opp fleire faste datoar for fellesvaksinering. Du bestiller time for vaksinering direkte til Vestnes Legesenter. Du kan bestille via appen Pasientsky eller du kan ringe legesenteret i åpningstida, telefon 71184100. Influensavirus endrar seg heile tida. For å oppnå best mulig beskyttelse vert vaksina tilpassa kvart år. Vaksina bør takast frå oktober - desember, og full beskyttelse oppnås etter 10-14 dagar.Kostar det noko å ta vaksina?Influensavaksina kostar kr 220,- i tillegg kjem enkel pasientkontakt på kr 61-. Dette må betalast ved vaksinering (dersom du ikkje har frikort). Koronavaksina er gratis.Kven bør ta vaksinaFolkehelseinstituttet anbefalar vaksine til:Alle frå fylte 65 årBebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimGravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisikoPrematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskap, frå 6 mnd til 5 årBorn og vaksne med:Diabetes type 1 og 2Kronisk luftvegssjukdomKronisk hjarte- og karsjukdomLeversvikt eller nyresviktNevrologisk sjukdomSvekka immunforsvarSvært alvorleg fedmeAnna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av legeI tillegg vert influensavaksine anbefalt til: helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstjenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleiePersonar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerteSvinerøktararSaneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfuglDu finn meir informasjon om influensavaksina på Folkehelseinstituttet.no. Sist endra 01.12.2023 15.36