Vestnes kommune

Startlån og tilskot til bustad

Startlån og tilskot til bustad

Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad og som heller ikkje har mulegheit for å spare.

Kven kan søkje om startlån og tilskot?

  • Barnefamiliar
  • Personar som mottar trygd/offentlege ytingar
  • Bustadlåntakarar med gjeldsproblem
  • Menneske med sosiale eller helsemessige utfordringar
  • Unge i etableringsfasen er ikkje i målgruppen

Les meir om målgruppene på Husbanken si heimeside.

Korleis søkje om startlån og tilskot?

Du søkjer om startlån og tilskot på Husbanken si heimeside. Her finn du både informasjon om innlogging og tilgang til e-søknad og søknadsskjema på papir. Det er mogleg å lagre søknaden, dersom du ikkje blir ferdig med utfylling og skal fortsette seinare.

Vedlegg til søknad om startlån og tilskot

Kva for vedlegg du treng er avhengig av kva du søker om. Du vil finne informasjon om dette i søknadsskjemaet.

Vedlegg du må levere saman med søknaden:

  • Skattemelding for siste året
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei siste to månadane
  • Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
  • Stadfesting på anna finansiering/eigenkapital

Vedlegg du må leggje ved når det er aktuelt:

  • Ved annan type gjeld enn bustadlån: dokumentasjon og nedbetalingsplan
  • Ved kjøp eller refinansiering: takst og tilstandsrapport
  • Ved helsemessige eller sosiale utfordringar: helseattest
  • Ved festetomt: festekontrakt
  • Ved utbetring: dokumentasjon på alle arbeidskostnader
  • Ved bygging: kopi av teikningar, bindande anbod, kontrakt og oversikt over dei totale kostnadene

Kor lang tid tek det?

Kommunen behandlar søknaden innan tre veker etter at du har levert søknaden med alle nødvendige vedlegg.

Meir informasjon om startlån og tilskot

Du finn meir informasjon om startlån og tilskot på Husbanken si heimeside.

Slik klager du 

Klage på enkeltvedtak

Regelverk

Forskrift om startlån fra Husbanken  
Forskrift om rente- og avdragsvilkår for lån i Husbanken 

Kontaktinformasjon

Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 71 18 40 12

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart

Fann du det du leita etter?