Senior Plaza/aktivitetssenteret
Vestnes kommune har tilrettelagde omsorgsbustadar i Vestnes sentrum. Det er 31 leiligheter ved Senior Plaza og 7 ved aktivitetssenteret. Dersom du får tildelt ein omsorgsbustad og har behov for helse- og omsorgstenester, må du i tillegg søke på dette avhenging av ditt hjelpebehov.
Kven kan få tilbodet?
Målgruppa er eldre, sjuke og personar med funksjonshemning med vesentleg funksjonsvikt, fysisk og /eller psykisk, som ikkje får tilfredstillande livskvalitet og tryggleik i eigen bustad. Det er utarbeidd eigne retningslinger for tildeling av omsorgsbustad ved Seinior Plaza/aktivitetssenteret.
Kva kostar det
Pris for leie blir årleg satt/justert av kommunestyret.
Slik søker du
Søk elektronisk om omsorgbustad ved Senior Plaza og aktivitetssenter. Dersom du ikkje kan søke elektronisk finn du papirskjema her.
Hjelp til å søke
Kontakt Tenestekontoret eller Servicekontoret for bistand til utfylling, eller for utlevering av skjema om du ikkje har tilgang til å skrive ut. Skjema kan også sendast i post på forespørsel.
Søknadsfrist
Ledige omsorgsbustader blir lyst ut med søknadsfrist i lokalavisa og på Vestnes kommune sine nettsider. Søknadane blir behandla etter kvart som dei kjem inn, og det blir ikkje oppretta venteliste.
Kva skjer vidare?
Kommunen vil på bakgrunn av ei fagleg vurdering av dine behov og dine noverande buforhald avgjere om du får tildelt omsorgsbustad. For å kunne vurdere dette vil din situasjon og ditt bistandsbehov bli kartlagt, og det kan vere aktuelt å innhente nødvendige opplysninger frå søkar, pårørande og samarbeidande partar. Skulle du ønske å reservere deg mot innhenting av opplysningar frå enkelte instansar eller personar ber vi om at du varslar om dette i søknadskjema.
Teieplikt
Dine personopplysningar er taushetsbelagt, og informasjon knytt til din søknad og eventuelle tenester blir lagra forsvarleg.
Klage
Omsorgsbustad er ikkje ein lovpålagt teneste, og Tildeling skjer etter Forvaltningslova § 2 og med bakgrunn i retningslinjene som er utarbeidd for desse bustadene (PDF, 584 kB).
Enkeltvedtak kan klagast inn etter Forvaltningslova § 28, og har ein klagefrist på 3 veker.
Ved avslag kan du klage på om du fyller vilkåra for tildeling eller om skjønnsutøving er brukt feil. Tenestekontoret kan bistå deg ved utforming av klagen.
Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til klagenemnda.
Klagen skal vere skriftleg med begrunning og sendast til:
Vestnes kommune
Tenestekontoret
Brugata 10
6390 Vestnes
Regelverk
Helse- og omsorgstenestelova (Lov om kommunale helse- og omsorgstenester)
Pasient- og brukerrettighetslova (Lov om pasient- og brukarrettigheiter)
Forvaltningslova (Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker)