Tverrfagleg team for barn mellom 0 - 6 år

Tverrfagleg team for barn mellom 0 - 6 år

Tverrfagleg team for barn mellom 0 - 6 år skal hjelpe foreldre, barnehagetilsette, eller andre fagtilsette i Vestnes kommune med spørsmål, råd og drøfting.

Kva tilbyr vi?

Vi er eit fast team med medlemmar frå barnevern, helsestasjon og PPT. Felles er ein god kompetanse om barn og barn si utvikling. Vi har ulike arbeidsområde og oppgåver, og vil også ha ulike tankar vi dreg med oss inn i teamet. Difor kan vi tilby råd og rettleiing knytt til både utvikling, fysisk/psykisk helse, familielivet, og barnehagetilbod.

Døme på innhald:

  • Informere om kommunale tenester, og alternativ vidare (td kontroll på helsestasjon/ tilvising PPT)
  • Drøfte og komme med innspel på tiltak heime eller i barnehagen
  • Vere ei støtte i kommunikasjon mellom barnehage og heim

Kven kan få hjelp?

  • Føresette til barn i barnehage
  • Føresette til barn som ikkje går i barnehage
  • Barnehagetilsette
  • Faginstansar som er knytt til barn mellom 0 - 6 år (td. jordmor, fastlege, NAV, etc).

Føresette skal alltid gje samtykke til at namngitt barn vert drøfta i tverrfagleg team (jf teieplikt).

Kva skjer på møta?

Teamet møtast kvar tysdag i partalsveker, mellom 08:30 - 11:00. Vi møter på dei aktuelle barnehagane, men også på kommunen sine møterom på kommunehuset eller ved Ressurssenteret.

Korleis går du fram for å få drøfte ei problemstilling?

Tverrfagleg tema for barn mellom 0 - 6 år har eige innmeldingsskjema som du finn her. 

Foreldre som ynskjer å melde inn sak oppmodast til å gjere dette i samarbeid med barnehagen. Barnehagen skal alltid få samtykke frå føresette før dei melder inn sak, og det er ein føresetnad at både føresette og barnehage har ynskje og moglegheit til å delta på møtet.

Tverrfagleg team for barn mellom 0 - 6 år er samansett av faste fagpersonar frå Eining for barn, unge og familiar, barnevern og PPT.

Koordinator og kontaktperson er familierettleiar Ann Helen Vik som held til på Helsestasjonen.

Kontaktinformasjon

Ann Helen Vik
Familierettleiar
E-post
Telefon 71 18 40 94
Mobil 917 47 219

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Helsestasjonen
Brugata 14
6390 Vestnes

Kart

Fann du det du leita etter?