Utbrudd av smittsam lungebetennelse (pneumokokksjukdom) ved verft i Tomrefjord

Utbrudd av smittsam lungebetennelse (pneumokokksjukdom) ved verft i Tomrefjord

Dei tre siste månadane har det vore fleire tilfelle av alvorleg lungebetennelse blant personar som arbeider i verftsindustrien. Sidan januar i år har ni personar vore innlagd på sjukehus med stadfesta pneumokokksjukdom. Alle desse har fått behandling og er no utskrevne friske. I tillegg er det seks tilfelle som kan ha tilknytning til utbruddet, men som ikkje er stadfesta.

Pneumokokkbakterien er vanleg i nase og svelg hos friske personar. Hos nokre utviklar dette seg til alvorleg sjukdom. Yrke som er utsett for auka risiko for pneumokokksjukdom er sveisarar og laboratoriepersonell. Eit arbeidsmiljø der ein jobbar tett saman, og med begrensa ventilasjon, kan bidra til auka smittepress og auka risiko for sjukdom. Dette kan også skuldast at bakteriestammen som er påvist i utbruddet smittar lettare enn vanleg, eller oftare gir sjukdom.

I denne situasjonen er det viktig at tilsette blir informert om symptomar på lungebetennelse eller anna infeksjonssjukdom, slik som feberauke og generell sjukdomsfølelse. Ved tegn på sjukdom bør lege kontaktast. Pneumokokksjukdom blir behandla med antibiotika.

Kommunehelsetenesta, Folkehelseinstituttet, smittevernlegar ved Ålesund og Molde sjukehus, Arbeidstilsynet og verfta i Tomrefjord samarbeider om den vidare handteringa av situasjonen. Ein planlegg no tilbod om vaksinasjon til tilsette. Virksomheita stiller ressursar til disposisjon for dette formålet.

Det er ikkje grunn til å anta at lokalbefolkninga og andre som ikkje blir eksponert gjennom arbeid er utsette for auka smittepress. For desse gruppene gjeld dei generelle råda om pneumokokkvaksinasjon.

Vestnes kommune 2/4 2019

Jan H. Fjeldheim
Kommuneoverlege

Fann du det du leita etter?