Offentleg ettersyn - Kommuneplan 2021-2030 - Forslag til planprogram og planstrategi

Offentleg ettersyn - Kommuneplan 2021-2030 - Forslag til planprogram og planstrategi

Vestnes kommune ved formannskapet har i møte den 25. november 2020 vedtatt å starte arbeidet med revisjon av kommuneplanen. Kommunestyret har tidlegare (september) gjort vedtak om opplegget for kommuneplanprosessen og at formannskapet skal vere styringsgruppe for dette arbeidet. 

Formannskapet har samtidig vedtatt å legge forslag til planprogram og planstrategi ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker. Plan- og bygningsloven pålegg alle kommunar å ha eit planprogram og ein planstrategi. Vestnes kommune har vald å forenkle planprosessen ved å slå saman desse dokumenta,s om er ei slags oppskrift for kommuneplanarbeidet, der kommunen skal tenke gjennom kva utviklingstrekk, utfordringar og mulegheiter vi står ovanfor dei næraste åra. Målet er å få fram eit godt grunnlag for prioritering av planer kommunen har bruk for, eit effektivt styringsreiskap tilpassa aktuelle behov og ikkje meir omfattande enn nødvendig. 

Frist for innspel til forslaget til "Planprogram og planstrategi" er sett til 20. januar 2021. 

Innspel kan sendast til postmottak@vestnes.kommune.no eller Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes. 

Dokument i saka:

Vedtak - Vestnes formannskap 25.11.2020 (PDF, 142 kB)
Saksframlegg Vestnes formannskap 25.11.2020 - Kommuneplan 2021-30 - Program og strategi (PDF, 211 kB)
Planstrategi og planprogram (PDF, 3 MB)
PBL - kommuneplan (PDF, 4 MB)