Informasjon om koronaviruset

Kunstutlysing - tilbudskonkurranse

Kunstutlysing - tilbudskonkurranse

Vestnes kommune søker etter kunstnarar med tilknyting til Vestnes kommune for utsmykking av det nye helsehuset Stella Maris. Stella Maris er eit stort bygg som skal romme mange funksjonar for innbyggjarane i Vestnes kommune. Bygget skal innehalde sjukeheim, legesenter, bibliotek, frivilligsentral, heimeteneste, tenestekontor og kafé.

Klikk for stort bileteStella Maris, nordfasade mot parken med bibliotek og kafé 

Som ein del av den kunstariske utsmykking av Stella Maris søkjer Vestnes kommune no kunstnarar som kan levere bilete- og fotokunst til følgjande soner i bygget: 

-  4 soner ved inngangen til dei ulike sjukeheimsavdelingane i 2. og 3. etasje. Dette er område kor besøkande til sjukeheimen kjem inn, her er små sittesone. Kvar av dei fire sonene er inngangsområde til 2 sjukeheimsavdelingar. 

Det er ulik størrelse på veggane i dei ulike sonene:  

- Sone 1 og 2: lengde på veggar i cm; 270, 170, 800, 300, 180 

- Sone 3: lengde på veggar i cm; 110, 397, 235, 160 

- Sone 4: lengde på veggar i cm; 110, 397, 235, 160, 495 

Kunstnarar som  ønsker å kunstsetje desse sonene oppfordrast til å sende inn forslag til fleire soner. 

 

- Seremonirom, vert mellom anna nytta til minnestund og er lokalisert i kjellaren av bygget. Rommet skal vere livssynsnøytralt. Her ynskjer ein to store naturfoto 110 cm høgde, og 220 cm lengde, og eit mindre foto 120 høgde 90 lengde. Det er ønska at det skal være naturfoto av ikkje konkrete objekt. T.d sjø, bølgar, himmel etc. i duse tonar. 

 

Det vi ønskjer i søknaden: 

·         Ein skisse over din idé, med evt. bilete av noko du har produsert tidlegare 

·         Pristilbod for arbeidet.  

·         Frist for innsending av søknad: 25.januar 

·         Frist for levering av kunst til seremonirom: 22.februar 

·         Frist for levering av kunst til gangane i 2. og 3. etasje: 22.februar, eller etter avtale 

·         Søknaden skal sendast til skjalg.fladset.skrove@vestnes.kommune.no 

·         For meir informasjon kontakt tlf 900 43 495, eller epost skjalg.fladset.skrove@vestnes.kommune.no