Kontakttelefon i samband med pneumokokkutbrotet

Kontakttelefon i samband med pneumokokkutbrotet

Vestnes kommune er imponert over korleis VARD Langsten har handtert utbrotet av smittsam lungebetennelse (Pneumokokksjukdom). Pr i dag er ca 1000 tilsette vaksinerte, og vaksineringa held fram for fullt.

Vestnes kommune opplever trass dette at det er ein del uro og bekymring blant innbyggarane våre, samt frå bedrifter og aktørar utanfor Vestnes kommune.

Difor opprettar vi no ein kontakttelefon. Har du spørsmål om eigen situasjon eller andre bekymringar knytt til pneumokokkutbrotet, kan du

ringe tlf 480 97 210

Telefonen er bemanna av lege.

Aktueltsaker


Vestnes kommune, 5.april

Tone Roaldsnes
Administrasjonssjef

Fann du det du leita etter?