Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Informerer om oppstart av planarbeid for E39 Ørskogfjellet-Vik

Informerer om oppstart av planarbeid for E39 Ørskogfjellet-Vik

Måndag 24. februar arrangerer Statens vegvesen eit informasjonsmøte om reguleringsplanarbeidet for E39 Ørskogfjellet-Vik. Detaljregulering av delparsellen, som er ein del av ny E39 Ålesund-Molde, er no starta opp i samarbeid med Vestnes kommune.

Informasjonsmøtet er opent for alle. Vegvesenet vil vere til stades for å orientere om prosjektet, med hovudvekt på planarbeidet for E39 Ørskogfjellet-Vik, og svare på spørsmål.

Tid: Måndag 24. februar kl. 17.30

Stad: Kulturhuset Idahall, 6393 Tomrefjord

Om prosjektet

Utbygging av ny E39 Ålesund-Molde vil skape ein felles bu- og arbeidsmarknad og redusere reisetida mellom dei to byane til under ein time. Kryssing av Romsdalsfjorden mellom Vik i Vestnes og Julbøen i Molde vil avløyse to ferjesamband og gi fastlandsforbindelse til tidlegare Midsund kommune, som i dag er ein del av Molde kommune. Prosjektet legg og grunnlag for fastlandsforbindelse til Gossen i Aukra kommune (Kjerringsundet).

Regjeringa vedtok i 2014 at planlegging av E39 Ålesund-Molde skal ta utgangspunkt i Tautrakonseptet og gå via Otrøya. Etter ei tilleggsutgreiing bestemte Samferdselsdepartementet i 2019 at framtidig E39 skal gå via Ørskogfjellet (K2-alternativet) og ikkje forbi Svartløkvatnet. Etter denne avgjerda var det bestemt trasear for alle delstrekningane i prosjektet, inklusive E39 Digernes-Vik. Statens vegvesen startar no detaljplanlegging på delar av denne strekninga, E39 Ørskogfjellet-Vik. Vestnes kommune er planmyndigheit i dette arbeidet ettersom planavgrensinga er lagt til kommunegrensa mellom Ålesund og Vestnes på Ørskogfjellet.

Kontaktperson i Statens vegvesen

Prosjektleiar: Harald Johnsen, telefon 915 12 885

Sjå utfyllande informasjon og kartskisser på vegvesen.no