Rådhuset stengt inntil vidare

På grunn av ein trusselsituasjon mot tilsette i NAV og Vestnes kommune er dørene på rådhuset stengt inntil vidare. Treng du kontakt med saksbehandlar, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10 - 14).

Høyring - Strategi for digital transformasjon

Høyring - Strategi for digital transformasjon

ROR-IKT kommunane har hatt ein felles digitaliseringsstrategi sidan 2017. Denne utløp i slutten av 2021 og arbeidet med ny strategi vart påbegynt i fjor haust. Etter at den forrige strategien har blitt grundig evaluert og nye målsetningar definert, føreligg det eit godt utkast til ein ny strategi. Dette utkastet er nå på høyring - vi ønsker å høyre di mening om strategien.

Du finn utkastet på ROR-IKT sine nettsider: https://ror-ikt.no. Her finn du ein videopresentasjon av arbeidet og dokumentet, samt ein kopi av presentasjonen.

Innspill til strategiarbeidet skal sendast til ROR-IKT ved post@ror-ikt.no

Frist for innspill til strategien er 20.04.2022 (kl 16:00).