Eigedomsskattelistene for 2022 - offentleg ettersyn

Eigedomsskattelistene for 2022 - offentleg ettersyn

I samsvar med Eigedomsskattelova sin § 15 er eigedomsskattelistene for bustader, fritidsbustader, næringseigedommar m.m. for 2022 lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker frå 28. februar.

I samsvar med kommunestyret sitt vedtak av 16.12.2021 er gjeldande skattesatsar for eigedomsskatt for 2022 følgjande:

Generell skattesats vert sett til 5,0 promille. For bustad og fritidsbustad vert skattesatsen halden uendra på 4,0 promille. Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget er 4,0 promille. jf. Eigedomsskattelova § 11, 1. ledd og § 13.

Gjeldane takstar vert kontorjustert i 2022 med 10 %, med heimel i § 8 A-4 i Eigedomsskattelova.

Skattelister 

Eventuelle spørsmål om utskriving av eigedomsskatten kan rettast til Vestnes kommune, tlf 71 18 40 00.

Eventuelle klager over utskreve eigedomsskatt kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må vere skriftleg.

Klage for eigedommar berekna etter bustadverdi/formuesgrunnlag skal rettast til Skatteetaten.

Klage for eigedommar berekna etter kommunal taksering skal sendast til Vestnes kommune, Eigedomsskattekontoret, Brugata 10, 6390 Vestnes innan 6 veker, og seinast innan 15. april 2022.

Les meir om eigedomsskatt

 

Eigedomsskattekontoret