Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 18.09.2020, kl 15:30

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Eigedomsskattelistene for 2020 - offentleg ettersyn

Eigedomsskattelistene for 2020 - offentleg ettersyn

I samsvar med Eigedomsskattelova sin § 15 er eigedomsskattelistene for bustader, fritidsbustader, næringseigedommar m.m. for 2020 lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker frå 26.februar.

I samsvar med kommunestyret sitt vedtak av 12.12.2019 er gjeldande skattesatsar for eigedomsskatt for 2020 følgjande:

4 0/00 for næringseigedommar
4 0/00 for bustader, fritidsbustader m.v. 

Eventuelle spørsmål om utskriving av eigedomsskatten kan rettast til Vestnes kommune, tlf 71 18 40 00.

Eventuelle klager over utskreve eigedomsskatt kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må vere skriftleg.

Klage for eigedommar berekna etter bustadverdi/formuesgrunnlag skal rettast til Skatteetaten.

Klage for eigedommar berekna etter kommunal taksering skal sendast til Vestnes kommune, Eigedomsskattekontoret, Brugata 10, 6390 Vestnes innan 6 veker, og seinast innan 15. april 2020.