• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Personopplysningar

Ved å godta personvernerklæringa samtykker du i korleis Vestnes kommune behandlar dine personopplysningar.

Ved å godta personvernerklæringa samtykker du i korleis Vestnes kommune behandlar dine personopplysningar.
Personvernerklæring

Denne erklæringa beskriv korleis Vestnes kommune (heretter "vi", "oss") behandlar personopplysningar som du oppgir i våre digitale skjema. Den følgjande teksta forklarar korleis vi ivaretek ditt personvern, og korleis vi sørger for at behandlinga blir urført etter gjeldande norsk lovverk.

Formålet med behandlinga av personopplysningar

Opplysningane du blir bedt om å oppgi i skjemaet gjer det mogleg for oss å saksbehandle din førespurnad, yte deg dei tenester du ber om, og arkivere detaljar om saksbehandlinga slik norsk lov krev. Opplysningane du oppgir vil ikkje bli brukt til andre formål. Opplysningar om deg og din familie kan også bli innhenta frå offentlege registre (Folkeregisteret, Kontakt- og reservasjonsregisteret) som ein del av skjemautfyllinga. Opplysningane i skjemaet er obligatorisk å oppgje for å kunne nytte skjemaet med mindre anna er angitt, men du har ikkje plikt til å nytte våre digitale skjema.

Rettsleg grunnlag for behandlinga

Vår behandling av personopplysningar blir utført for å utøve offentlege oppgåver som vi er pålagt gjennom lov, eller for å kunne utføre oppgåver i allmen interesse, blant anna for arkivering etter arkivlova og GDPR art. 6 (1) (e). 

Lagring av opplysningar

Opplysningane du oppgir i skjemaet blir i første omgang lagra hos vår databehandlar ACOS AS (med TeleComputing Norge som underleverandør) på vegne av oss. Dei blir deretter overført til våre eige arkiv. I våre arkiv blir opplysningane oppbevart så lenge som det er behov for disse for å kunne oppfylle våre forpliktingar overfor deg. Når opplysningane er overført til oss kan dei bli sletta fra ACOS AS sine system. Opplysningar om din brukarprofil blir lagra i ACOS AS sine system på ubestemt tid, inntil du sjølv foretar sletting av din brukerprofil. Brukerprofilen består av: navn, adresse, e-postadresse og telefonnumre.

Sikkerheit

Alle opplysningar du oppgir blir overført kryptert frå din enhet til vår databehandlar sine system, og derifrå kryptert vidare til oss. Opplysningane blir kun tilgjengeleg for personell som har behov for å sjå desse, nærare bestemt: arkivpersonell hos oss, saksbehandlarar hos oss, teknisk personell hos databehandlar (fram til dataene er overført), og teknisk personell hos oss. Opplysningane blir ikkje oppgitt til tredjepartar andre enn dei som er nemnt her. Vi gjer også jamnlege risikovurderingar og sikkerheitstiltak for å sikre at opplysningane ikkje kjem på avveie, ikkje vert endra og at dei er tilgjengeleg for våre saksbehandlarar. Vi har og plikt til å gi deg beskjed dersom vi skulle oppleve brudd på sikkerheita.

Dine rettigheiter

Du har som hovudregel rett til:

·         å få informasjon om korleis vi behandler dine opplysningar

·         å få oppgitt opplysningane vi har registrert om deg

·         at opplysningar vi har registrert om deg skal bli sletta

·         at vi skal avgrense bruken av opplysningar vi har registrert om deg

·         at vi skal korrigere feilaktige eller mangelfulle opplysningar vi har registrert om deg

·         å protestere og/eller klage til Datatilsynet dersom du meiner personopplysningar blir behandla i strid med denne erklæringa

·         å motsette deg avgjersler basert på automatiserte vurderingar av personlege forhold.

 

Henvendingar om dine rettigheiter blir vurdert opp mot gjeldande norsk lovverk. Krav fra deg kan bli avvist dersom norsk lov forhindrar oss frå å etterkome ønska.

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa kan du kontakte

personvernombodet i kommunen:

Henrik Gullaker

Tlf. 412 62 364
Epost
henrik.gullaker@ikamr.no