Kommunestyre- og fylkestingvalet 2019

Kommunestyre- og fylkestingvalet 2019

Klikk for stort bileteValdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 er fastsatt til mandag 9. september.

Valgresultat

Viktige datoar fram mot valet

Her finn ein oversikt over viktige datoar og fristar fram til valdagen 9. september.

30. juni

Frist for endringar i manntalet  
Stemmeberettiga som er registrert med bustadsadresse i Noreg, skal førast inn i manntalet i den kommunen der dei var folkeregisterført som busett 30. juni i valåret. Oppdateringar i manntalet etter 30. juni kan berre skje på bakgrunn av særskilde høve. OVersikt over desse finn ein i valforskrifta §1.

1. juli

Førehandsstemmegiving utanriks, på Svalbard og Jan Mayen startar.

1. juli tom. 9. august

Tidlegstemming
Dette er ei alternativ ordning for veljarar som ikkje kan stemme på førehand i ordinær periode innanriks eller på valdagen 9. september. Du kan tidlegstemme på servicekontoret i ordinær opningstid, kvardagar frå kl 09:00 - 15:00.

12. august tom. 6. september

Ordinær førehandsstemming innanriks
Ein kan førehandsstemme ved servicekontoret i Rådhuset i ordinær opningstid, kvardagar frå kl 09:00 - 15:00.

Eller ved Bryggetorget, Vestnes Brygge 29. august 12:00 - 18:00, 30. august 12:00 - 18:00 og 31. august 10:00 - 15:00.

1. september

Førehandsstemmegiving utanriks blir avslutta.

Valdagen måndag 9. september

Vallokala har følgjande opningstider:
 

Opningstider vallokaler - valdagen 9. september 2019
Krinsar Vallokaler Opningstider
Vike krins Bårdplassen kl 14:00 - 20:00
Daugstad krins Gildeheim kl 14:00 - 20:00
Tresfjord krins Tresfjord oppvekstsenter kl 10:00 - 20:00
Skorgen krins Skorgen grendastove kl 14:00 - 20:00
Helland krins Myra kulturbygg kl 10:00 - 20:00
Øverås krins Ljosvang kl 14:00 - 20:00
Tomrefjord krins Tomrefjord idrettsbygg kl 10:00 - 20:00
Fiksdal krins Bygdaheim kl 14:00 - 20:00
Rekdalkrins Tidl. Rekdal skule kl 14:00 - 20:00

16. september

Kage over førebuingar og gjennomføring av valet
Frist til å sende inn klage over førebuingar og gjennomføring av valet jf. valgloven §13-1 og §13-2. Alle manntalsførte har rett til å levere klage over valet i den kommunen dei er manntalsført i. Alt som ein opplever som kritikkverdig kan påklagast og blir vurdert av valstyret.

Godkjende listeforslag

Valstyret i Vestnes godkjende 13. mai følgjande listeforslag til kommunestyrevalet 2019:

Innkomne listeforslag

Kunngjering av listeforslaga som er komme inn til kommunestyrevalet 2019: 

Listeforslag til kommunestyrevalet 2019

Frist for å levere listeforslag er 31. mars kl. 12:00. 

I 2019 er 31. mars på en søndag. I henhold til valgloven § 15-5, skal fristar som fell på ein laurdag eller heilagdag utsettast til påføljande kvardag. Det innebær at listeforslag må vere innlevert til det aktuelle valstyret innen 1. april 2019 kl. 12.00. På dette tidspunktet må listeforslaget ha ankommet kommunen. Det er ikkje nok at det kun er postlagd.

Krav til listeforslag, skjema og rettleiing kan du lese meir om på valg.no.

Kontaktinformasjon

Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 71 18 40 12

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart