Valkort og legitimasjon

Valkort og legitimasjon

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. Frå stortingsvalet 2021 av vil alle som ikkje har reservert seg mot digital post frå det offentlege, få valkortet tilsendt digitalt. Valkortet blir utarbeidd på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa til veljarane per 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for kommune du har stemmerett i.

Valkortet for sametingsvalet kjem framleis i posten.

Det er ikkje eit krav at du må ha med valkort når du skal stemme, men ta det gjerne med då du forenklar arbeidet for valfunksjonærane. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Hugs legitimasjon når du skal stemme!

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Dette er fordi det skal vere mogeleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogeleg å stadfeste dette, får du heller ikkje stemme. Ta derfor med legitimasjon når du skal stemme.

Gode døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at den inneheld namnet til veljaren, fødselsdato og bilete.

Unntak ved institusjon

Det finst berre ein unnataksparagraf når det gjeld framvising av legitimasjon, og dette er for veljarar som oppheld seg på institusjonar som helse- og omsorgsinstitusjonar og fengsel. Her er det ikkje eit absolutt krav at veljaren må identifisere seg, fordi det kan vere tilfelle der veljar ikkje har legitimasjonspapir tilgjengeleg. I slike tilfelle kan ein tilsett ved institusjonen gå god for veljaren sin identitet. Det er då eit vilkår at den tilsette kan legitimere seg.

Kontaktinformasjon

Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 900 61 816
Ole Aksel Øveraas
Konsulent arkiv
E-post
Telefon 482 85 019

Kart