Tidlegstemme og førehandsstemme (01.07. - 10.09)

Tidlegstemme og førehandsstemme (01.07. - 10.09)

Stemme tidleg, på førehand, frå utlandet, frå institusjon eller frå heimen.

Førehandsstemme
Viktige datoar Frå og med Til og med
Tidlegstemme 1. juli 9. august
Førehandsstemme 10. august 10. september
Førehandsstemme utanriks 1. juli 3. september
Førehandsstemme Jan Mayen/Svalbard 1. juli 10. september
Valdagen 13. september 13. september

Tidlegstemme

Du kan stemme i perioden 1. juli til 10. august dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming eller på valdagen.

Kvar kan du tidlegstemme?

Vi kan ta i mot tidlegstemma di på rådhuset ved servicekontoret. Ta med legitimasjon når du skal stemme.

Førehandsstemme

I førehandsstemmeperioden kan du stemme kor du måtte ønskje i heile landet. Dersom du førehandsstemmer i ein annan kommune enn heimkommunen din, får du utdelt ein stemmesetel som er påførd dei registrerte namna til dei politiske partia, utan kandidatnamn. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du vil stemme på. Du kan også skaffe stemmesetel frå din kommune og bruke den dersom du ønskjer å gjere endringar. Det same gjeld dersom du stemmer utanfor fylket ditt.

Ta med legitimasjon når du skal stemme. I år blir valkorta sendt ut digitalt - ta gjerne med valkortet når du skal stemme så gjer du oppgåva for stemmemottakaren enklare. 

Slik kan du førehandsstemme i Vestnes kommune: 

Førehandsstemme - stemmestad
Stad Tidspunkt Klokkeslett
Rådhuset - Servicekontoret Kvardagar 09:00 - 15:00
Helsehuset Stella Maris - Biblioteket Torsdag 26.08 12:00 - 18:00
Fredag 27.08 12:00 - 18:00
Laurdag 28.08 10:00 - 15:00
Instituasjonar:
Stella Maris Tysdag 07.09, 2 etg. 11:00 - 13:00
Stella Maris Onsdag 08.09, 3 etg. 11:00 - 13:00

Kan eg stemme fleire gonger?

Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogeleg å angre på stemmegjevinga si i Noreg. Det betyr at dersom du førehandsstemmer, så kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.

Oppheld du deg i utlandet?

Dersom du bur eller av andre grunnar oppheld deg i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen, kan du stemme på førehand på norske utanriksstasjonar eller hos særskilt oppnemnde stemmemottakarar, eller du kan brevstemme. Les meir om korleis du førehandsstemmer i utlandet på valg.no.

Er du sjuk eller ufør?

Dersom du ikkje kan komme til eit vallokale på grunn av dårleg helse eller av andre grunnar, kan du søkje valstyret i kommunen din om å få stemme heime eller der du held til. Då kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der. Ta kontakt med servicekontoret innan fredag 10. september kl. 10.00 på tlf. 71 18 40 00 for å avtale tid.

Førehandsstemme når du er i karantene eller isolasjon?

Vi anbefaler deg som er i karantene å vente med å stemme til du er ute av karantena. Dersom ikkje det let seg gjere kan du søke om å få stemme heime.

Veljarar som på grunn av sjukdom, uførheit eller isolasjonsplikt som følge av covid-19 kan ikke stemme på nokon av dei ordinære førehandsstemmestadene, kan søke om å stemme der dei oppheld seg. Det same gjeld veljarar som er i karantene og som ikkje kan førehandsstemme på ordinær måte. Fristen for å søke om dette er fredag før valdagen kl. 10. Ta kontakt med servicekontoret på tlf. 71 18 40 00.

Kontaktinformasjon

Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 900 61 816
Ole Aksel Øveraas
Konsulent arkiv
E-post
Telefon 482 85 019

Kart