Manntalet

Manntalet

I følgje valgloven §2-6 skal valstyret legge manntalet ut til offentleg ettersyn så snart det let seg gjere. 

Manntalet ligg ute til offentleg ettersyn frå 12. juli ved:

  • Servicekontoret på rådhuset
  • Biblioteket på Helsehuset Stella Maris

Manntalet er tilgjengelg til og med valdagen.

Krav om retting

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon andre uriktig er blitt innført eller utelatt frå manntalet i Vestnes kommune, kan du krevje at valstyret retter opp feilen, jf. valgloven §2-7. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven og sendast til Valstyret i Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes.

Søknad om innføring i manntalet

Dersom du har budd utanlands i meir enn 10 år, må du søke om innføring i manntalet. Dette kan du gjere samtidig med at du stemmer. Det same gjeld om du er norsk statsborgar, men har aldri vore folkeregistrert som busett i Noreg. Søknad finn du på kommunen si heimeside og du sender søknaden til den kommunen du sist var folkeregistrert som busett. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsett er norsk statsborgar.

Søknadsskjema for innføring i manntalet (PDF, 104 kB)

Tal på personar med stemmerett

Stemmekrins Menn Kvinner Totalt
Vågstranda 173 145 318
Vike 158 143 301
Daugstad 97 99 196
Tresfjord 214 215 429
Skorgen 127 96 223
Helland 1016 1069 2085
Øverås 112 102 214
Tomrefjord 499 425 924
Fiksdal 161 135 296
Rekdal 58 47 105
Heile kommunen (ikkje bustadsadr.) 13 9 22
Totalt 2628 2485 5113

Frist for partia for å bestille manntalet

Alle som stiller liste ved valet, har rett på eit gratis eksemplar av manntalet. Det er eit krav, at manntalet vert bestilt innan fristen som kommunen har sett, 08.07.2021.

Partia kan også be om uttrekk frå manntalet over bestemte grupper veljarar, som til dømes førstegongsveljarar.

Kontaktinformasjon

Hilde Rekdal
Saksbehandlar
E-post
Telefon 900 61 816
Ole Aksel Øveraas
Konsulent arkiv
E-post
Telefon 482 85 019

Kart