Kven kan stemme ved valet i Noreg?
For å ha stemmerett ved valet i Noreg, må desse krava vere oppfylt:
- du må vere norsk statsborgar (gjeld ikkje kommunestyre- og fylkestingval*),
- ha fylt 18 innan utgangen av valåret,
- ikkje ha mista stemmeretten etter Grunnloven § 53
- og du må vere, eller har tidlegare vore, folkeregisterført som busett i Noreg.
*Norsk statsborgar?
Ved kommunestyre- og fylkestingsval er reglane dei same, men med eitt viktig unnatak. Det er ikkje nødvendig å vere norsk statsborgar. Utanlandske statsborgarar kan derfor også stemme ved kommunestyre- og fylkestingval i Noreg
- dersom dei oppfyller kriteria for stortingsval (dei fire kulepunkta ovanfor) og
- har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen.
Statsborgarar frå eit anna nordisk land som har blitt folkeregisterført som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret har også stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingval i Noreg.
Å stemme ved Sametingsvalet
Det er berre samar som er innført i sametinget sitt valmanntal som har stemmerett ved sametingsvalet, noko som inneber at denne stemmeretten er avgrensa til personar med samisk tilhøyring. Alle veljarar som er registrerte i dette manntalet, får tilsendt eit eige valkort for sametingsvalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det med deg når du skal stemme.
Dersom du ikkje har motteke valkort for sametingsvalet, bør du kontakte Sametinget i telefon 78 47 40 00. Der får du også informasjon om kva som blir kravd og korleis du går fram dersom du ønskjer å bli registrert i Sametingets valmanntal.
Dersom namnet ditt ikkje står i Sametingets valmanntal, og du har søkt om innføring, eller dersom du meiner det er andre feil i listene, kan du klage. Klaga skal vere skriftleg og grunngitt. Klaga blir send Sametinget.
Veljarar som har stemmerett ved både stortings- og sametingsvalet får to valkort.